Skeiv litteratur til folket!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Ragnfrid Trohaug, forfattar og redaktør for barne- og ungdomsbøker på Samlaget.

Under Skeive Dagar i Oslo 2013 var det arrangert to samtalar om skeiv litteratur, og det var stor semje om at det var for lite av det. Framtida tok kontakt med ein lesar, ein redaktør, og ein forfattar, for å høyre kva dei tenkjer om skeiv litteratur, og korleis ein eigentleg skal få meir av det.

LES ÒG: Valet er mitt

Skeiv ungdom – snart norsklærar?
– Det er viktig å få inn karakterar som representerer samfunnet vi lever i, og då er det naturleg å inkludere alle formar for identitet i litteraturen, seier Cecilie Marianne Andersen.

Ho er 21 år, aktiv i Skeiv Ungdom, ein ivrig lesar og held på å utdanne seg til lektor i norsk. Når vi tek kontakt med organisasjonen for å høyre om kva dei meiner om den skeiv litteraturen i Noreg i dag, er det ho vi får snakke med.

– Det er dessverre veldig lite skeiv litteratur, og særskilt lite er det av norskspråkleg skeiv litteratur, seier ho.

Dette pregar kva litteratur ungdom kan møte. Samstundes får mangelen på skeiv litteratur konsekvensar for norskfaget, som ho sjølv skal undervise i. Dette meiner Andersen er kritisk, fordi det jo ofte er gjennom norskfaget spesielt og skulen generelt, at ein for første gong møter litteratur.

Heteronormativt
– Mykje av av litteraturen ungdom presenterast for i norskfaget er heteronormativ. Eg trur det er viktig for skeiv ungdom, og all anna ungdom, å møte litteratur dei kan identifisere seg i. Mangelen på representativ litteratur stimulerer ikkje nett lesegleda, meiner Andersen.

At noko er heteronormativt tyder at det ser den heterofile kjærleiken og kjønnsrollene som normalen, og alt anna, til dømes homofil kjærleik, som avvikande.

Likevel meiner Andersen at det ikkje berre er skulen som har ansvar for det nesten berre er heterofile folk å lese om.

– Det er vanskeleg for skulen å tilby skeiv litteratur når det er så lite av den, så det blir ein litt vond sirkel, meiner ho.

Men kven bør ta ansvar for situasjonen, og gjere noko for å få meir skeiv litteratur? Andersen peiker mot forlaga og forfattarane.

– I hovudsak er det vel kanskje forfattarane og forlaga som bør ta ansvar, men vi som lesarar bør seie i frå, for forfattarane må jo få vite at dette er eit behov, avsluttar ho.

LES ÒG: Transformatoren

Nynorsk er òg eit skeivt blikk
Men kva meiner redaktøren? På Samlaget får vi snakka med Ragnfrid Trohaug, som i tillegg til å vere redaktør for barne- og ungdomslitteratur også sjølv er forfattar. Ho vil gjerne starte med å seie at nynorsken i seg sjølv er litt skeiv.

– Det skeive blikket er også eit nynorsk blikk; det å vere språkleg minoritet gjer at ein er medviten sin eigen identitet på ein heilt annan måte enn majoritetsspråkbrukarar er, seier ho.

–Sånn sett er all nynorsk litteratur skeiv litteratur. Våre forfattarar utforskar verda og fiksjonen gjennom eit skeivt blikk, nemleg det nynorske, held ho fram.

Når det gjeld bøker med skeiv tematikk, så er ho samd med Skeiv Ungdom i at det ikkje finst all verda, og Samlaget vil gjerne gje ut fleire skeive bøker.

– Når det gjeld det tematiske, forteljinga med samkjønna kjærleik, er vi einige i at det ikkje finst mange forteljingar om skeiv identitet. Vi vil gi ut gode, relevante forteljingar. Om desse har skeive karakterar vil rommet for ungdomslitteraturen bli utvida, og då også utvide rommet for den nynorske litteraturen.

Samstundes meiner ho at det er viktig at det skeive ikkje er noko som kjem som ein etterpåtanke, og dermed vert «påklistra». Det er noko ho særskilt har tenkt på i si eiga skriving.

– Det er viktig for meg at det er universet og karakterane som må bestemme om det blir skeivt eller ikkje, elles blir eventuell skeivheit påklistra. Det er ingenting som er dårlegare enn det.

Lesbiske pingvinar?
Samstundes understrekar ho at den nynorske barne- og ungdomsbokheimen ikkje er heilt fri for skeive karakterar. Trohaug har til og med sjølv skrive ein skeiv ungdomsroman!

– Samlaget kan vel skryte på seg å ha ei av dei første forteljingane om forelsking mellom to jenter, som ikkje er problematisk; altså ikkje ei klassisk ”kome ut historie”, nemleg debutromanen til underteikna, Okkupert kjærleik i frå 2000, omsett til både tysk og fransk på grunn av det skeive innhaldet. Det er ein roman om identitet og det skjøre ved å finne ut kven ein er, finne ut at ein er annleis på mange vis, og setje pris på det.

Ein annan roman Trohaug nemner er Full pott i hjerter, ifrå 2009, som handlar om ein gut som opplever å bli forelska i ein gut.

Dessutan kan Trohaug fortelje at Samlaget ofte får eit noko underleg spørsmål om to av sine nye biletbokheltar:

– Elles får vi med jamne mellomrom spørsmål om pingvinane Unni og Gunni er lesbiske. Kven veit, dei malar no i alle fall igloen sin i regnbogefargar, avsluttar ho.

LES ÒG: Frå skap til skap

 

Saka held fram under biletet.

Ragnfrid Trohaug er redaktør og forfattar. Foto: Samlaget.no
 

Ei ung jente i konflikt
Og kva med forfattaren? Kva tenkjer ho? Sunniva Relling Berg har skrive romanen Beina i gitaren,  ei ungdomsbok som tematiserer identitet, kjønn og kjønnsroller. I boka følgjer vi Bo, ei sytten år gamal jente som gjev opp å passe inn, og barberer av seg alt håret på hovudet. Det er kanskje ikkje heilt vanleg for jenter på den alderen, og det er heller ikkje noko som går ubemerka hen i romanen. Men tenkjer Relling Berg på Bo som ein skeiv karakter?

– Det var bevisst å gi Bo eit namn som kunne vere både ein gut og ei jente sitt, ikkje naudsynt for å skape ein androgyn jentekarakter, men heller for å tydeleggjere konflikten Bo er i med tanke på kva rolle ho skal ha, fortel Relling Berg, og utdjupar:

– Ho er sonen faren aldri fekk, og klarer ikkje å leve opp til det. Ho er dottera til ei svært vakker kvinne og klarer ikkje å leve opp til det.

For Relling Berg var altså den personlege historia utgangspunktet, heller enn eit uttalt ønskje om å skrive skeivt.

LES ÒG: Skeivt om skeiv litteratur

Ut av båsen
Vidare fortel Relling Berg om korleis Bo er ein karakter som protesterer, både mot gruppementalitet, roller og forventingar, og at det er dels difor ho klipper av seg håret:

– Eg trur Bo klipper av seg håret som ein start på prosjektet ho har i byrjinga av boka: å ikkje bry seg om kva andre meiner, og følgje innfalla ho får. Dette blir eit tydeleg teikn overfor andre, og óg for seg sjølv.

Samstundes meiner Relling Berg at romanpersonen Bo protesterer mot ein tradisjonell kvinnerolle, sjølv om ho trur at Bo kanskje ikkje er så medviten på nett dette aspektet ved måten ho er på.

– Ho er først og fremst i opprør mot den båsen ho sjølv føler ho har blitt sett i, forklarar Relling Berg.

Medvit og guts det viktigaste
Sjølv syns ho omgrepet kjønnsidentitet er litt vanskeleg, og veit ikkje om det er tøying av kjønnsidentitet Bo driv med.

– Men eg trur det er viktig å tenkje gjennom kva ein står for, kvifor ein gjer ting og tørre å skilje seg ut – men ikkje nødvendigvis ved å tøye grensene for kjønnsidentitet. Eg synest kjønnsidentitet er eit litt vanskeleg omgreg. Eg trur det er meir viktig å vere den ein er, sjølv om uskrivne normer for ei jenterolle kan seie det eine eller det andre, kan ein vere like mykje jente utan å oppfylle krava til det.

Ho utdjupar:

– Eg veit ikkje kva det vil seie å vere kvinne, men trur det er viktig å ikkje tenkje for snevert på kva ei kvinne kan vere og gjere. Eg trur Bo prøvar å finne ut litt meir om kva for person ho er, og ikkje først og fremst kva for "kvinne".


Cecilie Marianne Andersen er aktiv i Skeiv Ungdom og ein ivrig lesar. Foto:Privat