– Skaper unødig frykt

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

PST seier eit terrorangrep mot Noreg er sannsynleg og ber folk vere årvakne. Slike meldingar bidrar til ein bekymringsspiral, meiner psykolog Atle Dyregrov.

– Fortel du nokon at noko kan skje, som dei verken har kontroll på eller kan gjere noko med, så skaper det berre meir bekymring når dei ikkje har moglegheit til å planleggje kva dei skal gjere, seier den erfarne psykologen ved Senter for krisepsykologi til Dagsavisen.

– Eg skjønar at styresmaktene er nøydde til å informere. Samtidig er det med på å drive ein bekymringsspiral i befolkninga, seier han og etterlyser meir informasjon om korleis folk skal ta omsyn til meldingane.

Også psykolog Jan-Ole Hesselberg meiner informasjonen frå styresmaktene kan bidra til unødig frykt hos nokon.

– Det er forskjell på korleis folk handterer dette, men det er aldri udelt positivt å gå ut med slike meldingar, seier han.

Ifølgje seniorrådgjevar Martin Berntsen i Politiets tryggingsteneste (PST) er trusselvurderinga først og fremst meint for andre styresmakter, og meiner det ikkje er grunn for mannen i gata til å kikke seg over skuldra.

– Skal eg komme med eit råd, vil det vere: Ein skal ikkje vere så bekymra, ein kan ikkje gjere så mykje med informasjonen sjølv.

(©NPK)