«Skam» set rekord i Danmark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje berre vart det meldt om rekordknusing på SVT Play for eit par veker sidan. No er det også klart at serien har vind i håret i Danmark.

Den første episoden er nemleg sett av 560.000 sjåarar på Danmarks radios DR TV, noko som gjer den til det mest sette programmet på strøymetenesta nokon gong, melder NRK.

LES OGSÅ: Internasjonale fans reagerer på blokking av «Skam»

– Har slutta å bli overraska over framgangane til serien, men det er sjølvsagt veldig stas at vi no kan snakke om dei skamdinaviske nasjonar. Mytar og språkbarrierar fell og det gode innhaldet vinn, skriv redaksjonssjefen for Skam, Håkon Moslet, i ein SMS til NRK.

Den førre rekorden på DR TV var det den danske dokumentarserien «Prinsesser frå blokken» som hadde.

LES OGSÅ: Forskar: – «Skam» er moderne folkeopplysing