Skal promotere norsk kunst i USA

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk kunst til USA

I fleire år har Studio Hugo Opdahl og Moods of Norway samarbeidd om kunsthendingar på Flø, mellom anna kunstivalen «Go with the Flø».

I september skal kunstivalkonseptet til Minneapolis, kanskje verdas mest norske by, i alle fall utfor Noreg.

– Då vert det Gone with the Flø, smilar Moods-gründar Simen Staalnacke.

LES OGSÅ: – Kunstens Messi

Gone til Amerika
Staalnacke meiner at forholdet mellom kunst, mote og musikk stadig vert nærare. Utstillinga i USA skal gå føre seg i samband med at Moods of Norway opnar butikk i det gigantiske Mall of America utfor Minneapolis.

– Denne fyrste utstillinga skal opne 5. september og vert ein kopi av noko me har gjort på Flø, der me målar veggane rosa og stiller ut 1800-tals kunstnarar, fortel gallerist Hugo Opdahl.

Ekspresjonistiske Munch er eit sjølvsagt innslag på dei rosa veggane. No arbeider dei med å finne eit galleri som dei kan måle rosa.

LES OGSÅ: Moods of Norway mot Moose of Norway

Moderne i NY
Opdahl har òg planlagt ei utstilling i Moods-butikken i Soho, New York. Her vert det meir moderne kunst med bidrag frå mellom anna Bjarne Melgaard.

– Han er Noregs største nolevande kunstnar, han er Edward Munch i dag, skryt Opdahl.

Planen er at òg Sverre Bjertnæs og Kristoffer Myskja skal bidra på denne utstillinga, som kjem i løpet av året eller neste år.

Meir i planleggingsfasen er ei utstilling i samarbeid med Paul Stolper, Damien Hirst sin faste gallerist.

– Me vil ta med oss energien og galskapen her på Flø ut i verda, seier Opdahl.

LES OGSÅ: Moods of Norway vil ta New York