Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stort fleirtal: - Me gjer for lite

71 prosent meiner Noreg gjer for lite for å kutte klimautslepp. Dette er klar tale til klimaministeren, meiner Kirkens Nødhjelp, som står bak undersøkinga.

På spørsmål om regjeringa gjer ein god jobb på klimafeltet, svarer berre éin av fire ja.

– Dette er klar tale til klimaminister Tine Sundtoft når ho no forhandlar i Lima, seier klimarådgjevar Ingrid Næss-Holm i Kirkens Nødhjelp.

– Snart skal ein vedta Noregs mål for 2030. At ein så stor del av den norske befolkninga meiner at Noreg bør gjere meir enn i dag for å kutte klimagassutslepp, er lovande. Det gir håp at så mange ønskjer ein betre klimapolitikk. Politikarane kan ikkje sjå bort frå dette, fortset klimarådgjevaren.

Undersøkinga er gjennomført av Opinion på oppdrag frå Kirkens Nødhjelp.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) er for tida i Perus hovudstad Lima, der ein ny runde i forhandlingar i FN-regi går føre seg fram til fredag. Onsdag vart det kjent at Noreg gir 76 millionar kroner til restaurering av tropisk regnskog. (©NPK)

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!