≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Høgare utdanning, Livet

Sjølvsagt skal du følgja draumane dine!

Aslak Sira Myhre fryktar eit samfunn fullt av sjølvrealiserande skodespelarar, men i realiteten vil dagens unge bli lærar, politi og sjukepleiar.

Svein Olav B. Langåker
måndag 5. september 2016 15.40

Sjølvsagt skal du følgja draumane dine! Slett ikkje alle drøymer om å verte skodespelar, musikar eller kunstnar. Stadig fleire vil bli lærarar som Hildegunn Sæbø Heimro her på Sagvåg skule. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker

«Ikke følg drømmen din! Bare ikke gjør det.»

Det er sjølvaste direktøren i Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre, som skriv dette i eit mykje delt innlegg på Dagsavisen.

Aslak Sira Myhre trur samfunnet ville falle saman om alle skulle følgd draumane sine. Han grunngjev det med at knapt nokon drøymer om å køyra søppel eller å bli lærarar i ungdomsskulen.

Kva veit han om draumane til dei som gjer desse viktige jobbane? Les berre dette innlegget på ung.no : «Jeg er jente og vil bli søppeltømmer. Det er fordi jeg har hørt at man tjener godt, det er bra fysisk arbeid og man jobber tidlig om morgenen»

Tal frå Samordna Opptak viser òg ei heilt anna soge om dagens unge. Sidan 2005 har lærarutdanningane opplevd ein auke på 63 prosent i talet på førstevalssøkjarar.

Samla sett er det sjukepleiarstudiet som er mest populært. 70 prosent fleire har sjukepleie som sitt førsteval no i haust enn i 2005. Og lærestaden med flest førstevalssøkjarar til eit studium er Politihøgskulen. Eg tvilar på om draumane til alle desse studentane vil føra til samfunnskollaps.

No kan ein sjølvsagt seia at usikre økonomiske tider og aukande arbeidsløyse gjer at dagens unge vel meir jobbsikre utdanningar og framfor draumejobben. Men i dagens fritidssamfunn er det ikkje alle som set jobben som den viktigaste draumen. Nesten halvparten av oss vil heller ha meir fri enn høgare løn. Ein heilt vanleg jobb kan vera med på å sikra draumefritida eller draumehuset.

Nedvurdering av kulturarbeid
Aslak Sira Myhre meiner det allereie er meir enn nok av folk i dette landet som går på dans og drama for å bli skodespelarar, musikarar eller kunstnarar.

Er det ikkje litt underleg at direktøren for ein av våre nasjonale kulturinstitusjonar nedvurderer kulturarbeid på denne måten?

Han kan trøysta seg med tala frå Samordna Opptak som viser at 35 prosent færre har estetiske fag som førsteprioritet i 2016 samanlikna med 2005. Innan mediefag er nedgangen endå eit par prosentpoeng større.

Å gjera noko nyttig er òg ein draum
«Om du skal snakke med ungene dine om hva de skal gjøre med livet sitt, foreslå at de skal gjøre noe nyttig. Noe som er bra for andre enn dem selv. Noe samfunnet trenger» skriv Aslak Sira Myhre.

Men ungdom er allereie oppteken av kva samfunnet treng framover.

Ei undersøking frå TNS Gallup i 2012 viser at éin av fire ungdommar ønskjer å jobba med fornybar energi. Sidan den gong har talet på søkjarar til grøne utdanningar gått opp, i takt med at færre søkjer seg til utdanningar innan olja.

Eg trur dei fleste av dagens ungdommar har lyst til å gjera noko nyttig. Noko som er bra for andre menneske, ja, for heile verda. Å gjera noko som samfunnet treng, er faktisk den draumen mange unge ber på.

Så ungdom, berre held fram med å følgja draumane dykkar!


Oppdatert: måndag 5. september 2016 18.02
Kommentarar



Svein Olav B. Langåker

Redaktør i Framtida.no. Frå Stord. Har tidlegare jobba i VG Nett, Sunnhordland, Dagen og Samviten. Har tatt hovudfag i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og gått på Danvik folkehøgskole. Følg meg på @sveio på Twitter!

Artiklar av Svein Olav B. Langåker

 
ANNONSE: