Sjølv om eg er jente skal eg ikkje kjenna meg utrygg åleine.


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fordi eg er jente, er eg redd for å gå åleine heim frå fest. Fordi eg er jente, føler eg meg meir utsett og som eit lett bytte.

Eg må sjølvsagt passe på at eg ikkje går i for korte kjolar eller skjørt, for då kan eg tross alt bli valdteken. Også må eg sjølvsagt ha på meg ein valdtektsalarm, berre sånn i tilfelle nokon skulle ha funne på å kasta seg over meg i mørket og utnytte meg seksuelt.

Eg må jo i tillegg ha telefonen på, slik at mamma kan vera trygg på at eg kjem meg heim trygt og ikkje ligg i ei anna seng fordi eg har blitt lurt i noko form for partydop på byen.

Fordi eg er jente, må eg ta hensyn og passe på meg sjølv endå litt meir.

Basert på kva kjønn eg er, blir eg bedt om å vera forsiktig. Frå me var tenåringar, har me vorten lært at det er nærmast farleg å gå ute åleine på kveldstid. Spesielt farleg for oss jenter.

«Korte shortsar»
Me blir fortalt kva me skal gjera og ikkje gjera, kva me ikkje skal gå med og ikkje gå med og ikkje minst kva reglar me skal forholda oss til for å unngå å bli valdteken. Eg leste i eit innlegg om ein uttalelse som høyrtes slik ut: «Det er ikkje rart at gutar valdtek, når de går i så korte shortsar som det du gjer.»

Vel, sist eg sjekka, ba ingen om å bli valdteken basert på kva klede ein går i. Eg har heller ikkje bedt om å bli beglodd opp og ned, sjølv om eg skulle ha funne på å gått i ein utringa kjole. «Utfordrande klede» vert det kalla.

Kva med gutane?
Det provoserer meg heilt vanvittig at me jenter blir sett på som det svake kjønn – kjønnet som må ta forholdsreglar og som gjerne blir sett på som eit lett bytte ute på byen klokka to på natta.

Kva med gutane? Skal ikkje dei ta nokre forholdsreglar?

Gutane blir ikkje akkurat bedt om å vera forsiktig med kva klede dei går i. Dei blir heller ikkje bedt om å vera forsiktige og gå saman med nokon når dei går heim i mørket. Det ligg heller ikkje i deira natur å ringa til pappa for å fortelja at dei er komne trygt heim.

Me lever i 2017, og det dukkar stadig opp fleire valdtektssaker som omhandlar jenter som er blitt seksuelt overgripne og valdtekne. Eg seier ikkje at det er berre gutar som valdtek, men grovt sett er det slik.

Må ein ha det inn med teskjei i dag, at ein ikkje skal valdta?

Etikk og moral
Skal dei vaksne benytte seg av fleire tiltak for å førebyggja at gutane deira ikkje blir valdtektsmenn? Må ein lære gutar at jenter ikkje er vandrande sexsymbol?

Ein kan ikkje klandre foreldra, men som foreldre har ein eit visst ansvar å snakke om etikk og moral når det kjem til dette temaet. Det verkar som at denne samtalen vert naudsynt i fleire tilfelle.

Ikkje greit
Sjølv om eg er jente, skal eg ikkje kjenne meg utrygg åleine. Sjølv om eg er jente, er det ikkje greitt å bli fortalt kva klede eg ikkje skal gå i – fordi dei vert utfordrande.

Sjølv om eg går heim åleine frå ei fuktig aftan på byen, ber eg ikkje om å bli forfulgt og overfalt. Og sjølv om eg har med meg ein valdtektsalarm, skal eg ikkje måtte trenge å ta den i bruk.

Eg er ei jente – men det skal ikkje bety at eg må kjenne på redsel.

 

Fleire debattinnlegg:

Erlend Skjetne slår eit slag for valdtektsmenn og pedofile: – Dei er menneske, dei òg.

«Det er endring vi vil ha når vi snakkar om overgrep. Vi vil plassere skulda der ho høyrer heime,» svarar Martine Rørstad Sand.