Sjekkesuksess på sognamål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva dialekt er mest sexy?

 Silje Ese Haugen, som jobbar i Hallo P3 og ville finna ut kva effekt sognamål har når ein er på sjekkaren.

Dialektkåring
– Utgangspunktet var at me i ungdomsprogrammet "Hallo P3" ville kåra den finaste eller "heitaste" dialekten i Norge. Og i samband med det, ville me sjekka kor attraktivt det er å snakka sognamål, fortel Ese Haugen.

Ho oppretta tulleprofilen "SognaSilje" på nettstaden møteplassen.no, der ho gjorde det klart og tydeleg at ho snakka sogning.

God respons
– Meldingane byrja med eitt å rasa inn fra folk som tykte det var så sjarmerande med sognedialekt, fortel ho.

Men tykte dei at det var så sjarmerande at dei kunne gå på date med ho sjølv om dei ikkje forstod kva ho sa?

Ese Hauge ringde "Osloboi84" for å sjekka. Ho snakka så breitt ho kunne, og det var det ikkje mykje den stakkars karen forstod.

“Men da hadde no vore moro å gaot ein plass mi kan maula ei kjøtlefsa eller noko, å prata vaol?” spurde Silje.

“Hæ? Du den dialekten din den sliter jeg litt med altså. Hvor lenge har du vært i Oslo nå da?” svarar han i andre enden.

Høyr radioinnslaget her!

Breitt er heitt
Sjølv om han ikkje forstod så mykje, klarte likevel SognaSilje å avtala ein date.

– Så breitt er verkeleg heitt. Eg vil oppfordra alle som er på jakt etter ein flørt, kjærast eller livsledsagar å berre klina på med sognamål. Det funka.

Nygift
Men nokon sognadate vart det ikkje på "Osloboi84".

– Eg er nygift, så eg har ikkje vore på date med han, nei. Eg ringde han opp att med ein gong og avslørte spøken. Han heldt på å le seg i hjel og sa eg berre måtte senda det på lufta.  

Kva dialekt tykkjer du er mest sexy? Stem her!

LES SAKA I SOGN AVIS!