Sjekk opp ein olding!

Atle Berge
Publisert
Oppdatert 29.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om nokon skulle vere i tvil: Denne teksten skal handle om bøker. Dei gamle bøkene. Dei bøkene folk les hundrevis av år etter at dei kom ut. Klassikarane. Eg har fått i oppgåve å forklare kvifor unge menneske i 2016 skal bruke tid på å lese desse 100, 200 eller til og med 2000 år gamle tekstane, men først nokre passiv aggressive tankar om det å lese generelt:

Det er altfor mykje mas om at alle  lese. Ingen må lese. Kan du greie deg fint utan andre menneske sitt perspektiv på verda? Er du totalt uinteressert i kunnskap? Synes du det vesle, slappe ordforådet ditt er akkurat passe stort? I så fall er det ingen grunn til å lese bøker. Du bør også halde deg langt unna litteraturen dersom du 1) hatar kritikk av svadaspråk og sosiale konvensjonar, 2) prøver å unngå å tenke på døden, eller 3) er ein avstandsforelska 16-åring. Å vere avstandsforelska er ein heiltidsjobb som gjer deg ute av stand til å konsentrere deg om Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Det burde dei som lagar læreplanar for norske ungdommar tenke litt på.

LES OGSÅ: Atle Berge vil ha meir realistisk sex

Litteraturformidlarar pleier å påstå at vi blir meir empatiske av å lese, men det må då vere bullshit? Mange drittsekkar har i alle fall lese hundrevis av romanar utan at det har forbetra evna deira til å leve seg inn i andre menneske sin situasjon. Å lese gode bøker kan vere ein måte å diskutere med seg sjølv og andre kva det vil seie å vere menneske, og leve i eit samfunn, men det krev i så fall at du er innstillt på å gjere det.

Når eg no skal liste opp nokre argument for å date ein litterær olding, tar eg derfor utgangspunkt i at du er eit konsentrert og nysgjerrig menneske. Du vil gjerne lese om andre måtar å leve og tenke på, eller andre menneske sine perspektiv på liv som liknar ditt. Skal du få noko ut av daten, må du nesten ha denne instillinga. Det er jo ikkje til å kome unna at mange av klassikarane gjerne har eit litt stivt språk, og innimellom er opptatt av fenomen vi 2016-menneske ikkje er like interesserte i.

Du må også vere klar over at å lese for mange klassikarar kan vere direkte farleg. Ingen bøker er nemleg så fulle av fyll, utsevande sexliv, krig og sjølvmord som klassikarane. Ofte blir alt dette framstilt på ein tilforlateleg, ja, nesten fristande måte, slik at du får lyst til å bli ein alkoholisert og nymfoman soldat som ender opp med å ta livet sitt fordi han har blitt svikta av kjærleiken og har mista trua på menneskeslekta. Prøv til dømes å lese Reise til nattens ende av Louis-Ferdinand Celine, Hærverk av Tom Kristensen og Venusdeltaet av Anaïs Nin etter kvarandre. Eg kan nesten garantere deg at du er eit nytt menneske etterpå, men det er ikkje sikkert endringa er til det betre.

LES OGSÅ: Perfekte unge menn

Når eg tenker meg om, er det verkeleg eit paradoks at skulevesenet er så opptatt av at elevane skal lese klassikarane. Ikkje berre er dei fulle av rus, sex og vold: Er det noko dei gamle bøkene verkeleg kan lære oss, så er det at skulen er noko drit. Det er ein institusjon som prøver å forme oss til forveksling like robotar som skal ut i livet og produsere ungar og arbeidskraft. I Alexander Kiellands Gift, dør for eksempel vesle Marius Gottwald mens han ramsar opp latingloser.

Til tross for alle desse åtvaringane, vil eg altså likevel tilrå deg til å date ein olding. Mange klassikarar kan paradoksalt nok seie oss mykje om kva vi driv på med i dag. I Brás Cubas’ poshume memoarer gitt ut i 1881, følgjer vi til dømes Brás Cubás si jakt på makt og kjendisstatus, og lærer oss at det vi kanskje trudde var unikt for vår tid, til dømes angsten for korleis vi blir oppfatta av andre, også eksisterte i Brasil på 1800-talet. Som det står i Bibelen, ein annan litterær klassikar som kan fortelje oss mykje om kvifor verda ser ut som ho gjer: «Ingenting er nytt under sola.»

«Ingenting er nytt under sola» er også eit døme på at formuleringar og omgrep frå klassikararne nokre gonger blir ordtak og daglegtale. Deltakarane på Paradise Hotel, erklærer til dømes ofte at dei gir ein god faen i Jantelova. Men kva er det eigentleg du gir faen i når du gir faen i Jantelova? Svaret finn du i klassikaren En flyktning krysser sitt spor av Aksel Sandemose.

For dei som er interessert i historie, gir klassikarane også eit innblikk i korleis folk snakka, tenkte og oppførte seg på eit gitt tidspunkt. Bøker som Brás Cubas’ poshume memoarer, lærer oss at mennesket er seg sjølv likt til alle tider, men å lese klassikarane kan også gjere deg lykkeleg over at du lever i Norge i dag. Med andre ord: Går du rundt og trur at alt var betre før? Les ein klassikar! Amalie Skram skreiv til dømes svært godt om korleis det var å vekse opp i ein problemfamilie før NAV og Barnevernet kom på bana.

Det kan kanskje vere vanskeleg å sjå for seg dersom du er 16 år og har fått i lekse å lese heile Terje Vigen, men enkelte klassikarar kan faktisk også vere direkte underhaldande. Alice i Eventyrland av Lewis Caroll, eller Gullivers reiser av Jonathan Swift til dømes. Er du villig til å anstrenge deg litt, og det er du jo, du som er eit konsentrert og nysgjerrig menneske, er også Niels Klims reise til den underjordiske verden av Ludvig Holberg ganske artig. Spesielt historiene om Gulliver og Niels Klim, er fulle av kritikk av byråkrati og svadaspråk. Denne kritikken kan vi la oss inspirere av når vi skal angripe vårt stadig meir detaljfikserte byråkrati, eller avsløre svada generet av ulike PR- og reklamebyrå.

Sjølv om ikkje alle må lese klassikarane, er det med andre ord sunt for samfunnet vårt at nokon gjer det. Det er også bra om desse snakkar høgt om det dei har lese i den såkalla offentlegheita. Samfunnet treng det klassikarane kan tilby, altså språkkritikk, kunnskap, eit stort felles ordforåd, andre menneske sitt perspektiv på verda, og ulike måtar å tenke og snakke om krig, sex og død.

Meir av Atle Berge: «Ei krise om gongen, takk!»