Siste nytt frå verdsrommet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Boka tek føre seg det uendeleg store verdsrommet, unnateke den bittelille prikken jorda. Utgangspunktet er ufatteleg stort, så boka består av smakebitar frå det største til det mindre, som romfart og astronautar, fortel ansvarleg redaktør, astrofysikaren Jostein Riiser Kristiansen.

Boka er ein antologi av gamle og nye tekstar. Den er ikkje berre brei i tema, men også i sjanger.

– Vi har både lange faglege artiklar og ein låttekst frå Black Debbath. Målgruppa er alle som er interesserte i verdsrommet, og det trur eg er ganske mange.

Liv på andre planetar
Så kva er eigentleg siste nytt frå verdsrommet? Det er sjølvsagt eit enormt spørsmål, men astrofysikaren svarar likevel:

– Dei siste åra har vi fått mykje meir kunnskap om at det finst veldig mange planeter der ute rundt andre stjerner. No kjenner vi til fleire tusen planetar, og veit at det er milliardar i vår eigen galakse. Vi har også lært veldig mykje nytt om Pluto.

LES OGSÅ: Romsonde fann organiske molekyl

Om kva som er dei neste store spørsmåla, svarar han:

– Nokre av dei mest aktuelle spørsmåla i dag er kva mørk materie og mørk energi er for noko, og om det finst liv på andre planetar. Det vert mellom anna diskutert om det er vanleg med liv, og om liv nødvendigvis vil oppstå på planetar som liknar på jorda. Det veit vi ikkje, men om det finst bør det vere mogleg å finne ut av i laupet av dei neste tiåra, seier han.

Romsøppelproblematikk
Lanseringa av boka føregår i jordiske omgjevnader på Realfagsbiblioteket ved UiO i dag. For å lokke skodelystne, har arrangørare fått tak i Aslag Guttormsgaard frå Black Debbath, som skal framføre låta «Rydd rommet» – ein tekst som også er med i boka.

– Det er så vidt vi veit den einaste rocketeksten som set den stadig aukande romsøppelproblematikken på agendaen innanfor rockesjangerens insisterande og tydelege format, skriv arrangørane på sine nettsider.

Romsøppel er skrot som går i bane rundt jorda, det vil seie daude satellittar som svevar rundt og kan kollidere med andre satellittar, romsondar og romstasjonar.

– Romsøppel er eit veksande problem, som treng å verte kartlagt. Ein del satellittar vil bruke mykje drivstoff på å manøvrere seg unna søppelet og unngå kollisjon, fortel redaktøren, og syner til filmen Gravity, der kollisjonar med romsøppel er tema.

– Når kollisjonar skjer, kan det bli tusenvis av nye bitar som igjen aukar sjansen for kollisjonar. Det er planar på gang for å rydde opp, og få dytta søppelet ned i atmosfæren slik at det brenn opp, fortel han, og forsikrar om at det er liten sjanse for å få romsøppel i hovudet.

Heimlege tema
Boka tek også føre seg tema som er noko meir heimlege. Statsmeteorolog Hanne Sigrun Byhring har doktorgrad i solfysikk og er ein fagfolka som var med å velje ut tekstar til boka. Blant tekstane ho var med å velje ut er blant anna tekstar om nordlyset.

Kva er eigentleg nordlys?

– Det er lys som oppstår når gass som kjem frå sola kolliderer med gass som er i atmosfæren. Prosessen liknar på det som skjer inne i eit lysstoffrøyr. Når atoma og molekyla kolliderer, vert det danna lys. Kvar gong ein slik kollisjon skjer med nok fart og energi, vert det sendt ut eit foton, ein lyspartikkel, og til saman gir alle kollisjonane lyset, fortel Byhring.

LES OGSÅ: «Nesten sikkert utanomjordisk»

Kvifor er det meir nordlys i nord enn i sør?

– I Tromsø er det nordlys kvar natt, så lenge det ikkje er skyer. I sør er det sjeldnare, der avheng det av om det har vore utbrot på sola. I nord er ein ikkje avhengig av slike hendingar. Det er ein komplisert prosess som avgjer dette, som har å gjere med koplinga mellom solvind, altså gass frå sola, jordas magnetfelt og atmosfæren.

Og kva er siste nytt frå ditt felt?

– Innan solfysikk handlar siste nytt om til dømes magnetiske stormar som ein har klart å sjå ved hjelp av nye instrument, fortel ho.

LES OGSÅ: Elon Musk føreslår å atombomba Mars