Siste mann på månen er død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Cernan døydde måndag, opplyser den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA og Cernans familie. Han blei 82 år gamal.

I desember 1972 leidde Cernan Apollo 17, den ellevte bemanna romferda i Apollo-programmet og den sjette, og førebels siste, månelandinga som har blitt gjennomført. Gene Cernan vart med det den førebels siste personen som gjekk på månen, og fotspora hans er framleis synlege der – over fire tiår etter siste besøk.

– Det er med djup sorg vi deler tapet av vår kjære ektemann og far, heiter det i ei fråsegn frå familien, delt via NASA.

– Sjølv i ein alder av 82 var Gene lidenskapeleg opptatt av å dele sitt ønske for framleis menneskeleg utforsking av verdsrommet. Han oppfordra vår nasjons leiarar og unge folk til å ikkje la han framleis vere den siste mannen på månen, seier familien.

NASAs Kennedy Space Center delte si siste helsing på Twitter: «Ad Astra, Gene», som er latin for «til stjernene».

Bli med til «månelaben» i Umeå: – Månen har blitt hot igjen, seier Sebastian (26), som skal måla elektriske felt på månen


Gene Cernan på månen. Foto: NASA