Singel og babyklar?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vart ein datingnettstad retta mot single som ønskjer å finne ein partner å få barn med lansert, melder IceNews. Grunnleggjaren av sida, Emmanuel Limal, seier nettstaden så langt trekkjer fleire menn enn kvinner.

Unnskylda seg
Limal fekk ideen til Babyklar.nu etter at han vart merksam på ei kvinne som unnskylda seg, fordi ho leita etter nokon å få barn med på ei vanleg datingside.

LES OGSÅ: Hett på nett

Dramatikaren, skodespelaren og ingeniøren Limal hevdar at ein konstant må selje seg sjølv på vanlege datingsider. Mange fryktar at dei innskrenkar mogelegheitane sine dersom dei nemner barn og familie, og ifølgje Limal er folk difor motviljuge til å snakke om kva dei eigentleg vil. Men babyklar-gründeren meiner ein kan tiltrekke seg feil personar dersom ein ikkje er ærleg med seg sjølv.

Flest menn
Sidan nettstaden vart lansert førre måndag, har kring femti nye medlemmar registrert seg i timen. Litt over halvparten av desse er menn. Limal fortel at ein mann til og med skreiv og takka han for ideen. Mannen var letta over å finne ein nettstad der han kunne vite kven som ville ha born og ikkje.

I fjor falt fødselsraten i Danmark til det lågaste nivået på tjue år, med kring 1,7 born per kvinne, legg IceNews til.

LES OGSÅ: Kjærleiken får menneske til å overleve