Siktar mot draumejobbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag i neste veke inviterer Bømlo vaksenopplæring til open dag. Dei vitjande vil mellom andre treffa Awet Hadish og Reham Alhindi.

Den opne dagen blir skipa til som lekk i ei temaveke vaksenopplæringa har som blir kalla «Hjartevarme – ein veg inn i lokalsamfunnet». Målsettinga er å bidra til skape nye kontaktar mellom elevane og bømlingar elles.

Sjukepleiaren
Studentane på Bømlo vaksenopplæring (BVO) har svært ulik bakgrunn. Me har møtt to av studentane som går i introduksjonsprogrammet, og som har høgare utdanning frå heimlandet. Ofte lyt dei ta tilleggsutdanning, gå opp til eksamen eller bli autoriserte her i landet for å kunne nytte utdanninga si fullt ut. Eit alternativ er å gå inn i eit anna yrke der dei likevel kan nytte kompetansen dei har opparbeidd seg i heimlandet.

Awet Hadish (26) er opphavleg frå Eritrea og har berre vore i Noreg i eit halvt år. Til å ha vore her i såpass kort tid snakkar han svært godt norsk. Han kom til Bømlo via eit asylmottak i Farsund. Hadish er utdanna sjukepleiar i heimlandet, og har fått godkjent utdanning tilsvarande bachelorgrad i sitt nye heimland Noreg.

Det blir no vurdert kva som skal til for at han blir autorisert sjukepleiar i Noreg. Det kan vera at han treng noko tilleggsutdanning, men han håper etter kvart å få seg jobb som sjukepleiar på eit sjukehus. Han har for tida arbeidspraksis i Leirdalen bufellesskap.

– Det er litt vanskeleg å bli kjent med bømlingane, tykkjer han.

Småskulelæraren
Reham Alhindi (23) er palestinar og kjem frå Syria. Ho er utdanna småskulelærar, og har fått godkjent utdanning tilsvarande bachelorgrad i småbarnspedagogikk. Ho har vore busett på Bømlo i to år med mann og barn, og har for tida arbeidspraksis som assistent på Svortland skule. Hennar draum er å bli barneskulelærar.

Alhindi og Hadish skal gjennomføre norskprøve i løpet av våren. Hadish vil prøve seg på høgare nivå (B2) som opnar for opptak til høgare utdanning. Det er ei prøve dei normalt tek først etter to år, men Hadish seier han vil studere hardt med sikte på å klare prøva. Alhindi seier ho trivst på Bømlo. Ho seier det å ha ei anna kulturbakgrunn ikkje er ei hindring. Det handlar om å tilpasse seg og ha med seg det beste frå to kulturar.

Les heile saka i Bømlo-Nytt!