– Sidemålsundervisninga bør avviklast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Sidemål bør avviklast

Journalist og forfattar Jon Hustad er både elska og hata for sine krasse meiningar og freidige haldningar. Under Dei nynorske festspela sa han at sidemålsundervisninga bør avviklast.

Jon Hustad fekk tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2016 mellom anna fordi han har skarpe analysar, ein skarp penn – og ei skarp tunge, i arbeidet som journalist i Dag og Tid og TV 2.

Under Dei nynorske festspela kom han atter ein gong med sterke utsegn, sjølv om han streka under at nynorsken er ein del av hans eigen identitet. Han fekk god tid til å utdjupe dette, under programposten Medietimen.

– Nynorsk er ein del av identiteten min og eg har alltid opplevd det nynorske språket som ein reiskap til det eg gjer. Eg synest sjølv at eg skriv og formulerer meg aller best på nynorsk, sa han i samtale med juryleiar Håkon Haugsbø etter utdelinga fredag.

Kunnskapsbasert kranglefant
Juryen kallar i grunngjevinga si Hustad for ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. «Han er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale», som det heiter i grunngjevinga.

Tidlegare har han også brukt bokmål, både som forfattar og journalist. Spesielt eit bokmålsinnlegg i Bergens Tidende, og responsen frå lesarane, blei trekt fram. Men sjølv om Jon Hustad har landa som nynorskbrukar etter fleire sidesprang til bokmål, er han ikkje samd i utviklinga nynorsken har vore gjennom dei siste åra, at bokmål og nynorsk blir eit meir likt språk enn før. Sjølv heller han meir mot det konservative språket – både når det gjeld nynorsk og bokmål.

– Eg likar dårleg at ein vel mellom bokmål og dialekt. Då er det ikkje lenger noko å halde fast i, sa han om normeringa som er gjort dei siste åra.

Hustad nemnde spesielt det at det er eit inntrykk på sosiale medium at folk vel mellom dialekt eller bokmål når dei skriv.

– Utan normerte former ryk nynorsken trur eg, sjølv om eg sjølv ikkje har planar om å slutte med det.

LES OGSÅ: KorrekturSVikt gav sidemålskrøll

– Språket vårt er vanskeleg
Men sjølv om han ikkje har tenkt å slutte med å bruke nynorsk, meiner han altså at sidemålsundervisninga bør avskaffast.

– Nynorsken står sterkt der vestlendingar er. Det er ein annan mentalitet på Austlandet. Vi må hugse på at språket vårt er vanskeleg både for oss sjølve som brukar det, og dei andre. Og eg har kome så langt at eg ikkje lenger ser det fruktbare i sidemålsundervisninga, innrømde han.

Kritisk er Hustad også til at mange nynorsktiltak er statsstøttefinansiert. Han synest det er uheldig at nynorsken får mykje statsstøtte, fordi statsstøtta gjer at nynorsken knyter seg svært tett opp mot staten.

– Det er dei fem siste åra nynorsken er heilt på plass for min eigen del. Eg har valt A-mål og må innrømme at eg ikkje alltid held meg til siste normoppdateringa fordi eg ikkje er samd i alle dei siste oppdateringane som er gjort. Tilnærminga mellom bokmål og nynorsk reduserer også identitetskrafta i nynorsken og gjer den mindre verdifull som identitetsmarkør fordi den blir vatna ut, sa han under Medietimen.

LES OGSÅ: Tilrår jamleg dusj med nynorsk

Faktaboks

Kulturdepartementets nynorskprisen for journalistar:

* Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta kvart år.
* Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.
* I juryen sit kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp Håkon Haugsbø som er leiar, redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee og forfattar og journalist Agnes Ravatn. Sistnemnde var ikkje med på den avgjerande runde om at Hustad skulle få prisen, då ho er kollega med han i Dag og Tid.

Tidlegare prisvinnarar er:
•2015 – Jan Zahl
•2014 – Ingunn Solheim
•2013 – Christian Wiik Gjerde
•2012 – Katrine Sele og Hilde Sandvik
•2011 – Njord V. Svendsen
•2010 – Astrid Brekken
•2009 – Ronny Brede Aase
•2008 – Odd Reidar Solem
•2007 – Kjell-Erik Kallset
•2006 – Linda Eide

(©NPK)