«Shitstorm» er no eit tysk ord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den tyske rikskanslaren Angela Merkel har allereie teke det nye ordet «shitstorm» inn i sitt vokabular.

Over 5000 nye ord har kome med idet tyske språket. Denne veka vart den oppdaterte versjonen av den offisielle tyske ordboka Duden lansert, skriv Huffington post.

LES OGSÅ:  – Können Sie schon was Sagen?

Occupy verda
Eurokrisa og andre hendingar i samtida har gjort sitt inntog i tysk. «Eurobond» har funne sin språklege plass i desse eurokrisetider, saman med «Occupybewegung».

«Occupybewegung» er det tyske namnet på Occupy-rørsla, ei protestrørsle som starta med Occupy Wall Street i 2011, og seinare har breidd seg over heile verda.

LES OGSÅ: Språklege stereotypar
 

Årets nye anglisisme
Mange av dei nye orda er anglisismar, det vil seie engelske importord. Ein del av dei nye orda er knytt til Internett, som til dømes «Facebook», «App» og «Social media». Ordet «Shitstorm»omhandlar òg eit nettfenomen, nemleg ei mengde protestar og negative kommentarari sosiale medier. «Shitstorm» vart av tyske lingvistar kåra til årets nye engelske ord i det tyske språket i 2012.

Den tyske ordboka kjem stadig nærare ein halv million ord, ifølgje den tyske nettavisa DW.de. Av alle tyske ord er 3,7 prosent anglisismar.