Senterungdommen tapte oljekampen på Sp-landsmøtet

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tapte oljekampen i Sp

Landsmøtet i Senterpartiet avviste i dag forslaget frå Senterungdommen om at det ikkje skal opnast nokon nye felt for olje- og gassutvinning på norsk sokkel. Dermed gjekk forslaget frå programkomiteen gjennom:

«[Senterpartiet vil at] tildeling av nye areal til petroleumsutvinning skal styres slik at hensynet til miljø, klima og fornybare næringer veier tungt. Det skal ikke åpnes for olje- og gassvirksomhet på Møreblokkene, i Lofoten, Vesterålen, eller utenfor Senja (Nordland 6, Nordland 7 og Troms 2).»

– Me meiner at om me skal greia å nå klimamåla, så kan me ikkje opna for nye olje- og gassfelt, sa nestleiar i Senterungdommen Ingrid Krogsæter til Framtida.no på fredag.

Fleirtalet på landsmøtet var altså ikkje samde.

Eitt statsborgarskap, to kjønn
Landsmøtet sa også nei til å innføra eit tredje juridisk kjønnsalternativ.

– Senterungdommen er forkjemparar for å innføre eit tredje kjønnsalternativ. Den kampen tar vi på landsmøtet og har stor tru på at vi får gjennomslag, sa Senterungdom-leiar Ada Arnstad til Framtida.no i februar, men fekk altså ikkje fleirtalet med seg.

Også eit forslag om å opna for dobbelt statsborgerskap blei avvist av landsmøtet.

Ja til gratis studiar
På den andre sida kunne Senterungdommen jubla for at dei klarte å stoppa eit forslag om skulepengar for internasjonale studentar i Noreg, som programkomiteen og sentralstyret i partiet hadde gått inn for.

Om forslaget hadde blitt vedtatt på landsmøtet, kunne Senterpartiet ha skapt fleirtal for skulepengar på Stortinget saman med Høgre og Frp. Senterungdommen hadde på førehand varsla kamp mot forslaget, og i voteringa søndag føremiddag vann dei med stort fleirtal.

Nyhendet gledde mellom andre Norsk Studentorganisasjon, som også tok på seg litt av æra for vedtaket:

Senterungdommen fekk også fleirtal for eit forslag om at fastlegar ikkje skal ha reservasjonsrett når det abort og prevensjon:

 

Trygve Slagsvold Vedum blei trygt attvald som Sp-leiar, og landsmøtet gjekk inn for ei «Senterparti-/Arbeiderparti-basert regjering» etter stortingsvalet i september.