Senterpartiet har snudd om tiggeforbod

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa trekkjer tiggeforbodet

Eit fleirtal i stortingsgruppa til Senterpartiet (SP) vart i dag samde om å ikkje stilla seg bak regjeringa sitt forslag om å innføra tiggeforbod i Noreg.

Det betyr at regjeringa no mistar fleirtalet dei treng i Stortinget for å innføra nasjonalt tiggeforbod. No stadfestar òg satssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen, overfor VG at regjeringa trekkjer tilbake forslaget.

LES OGSÅ: Sjokkert over tiggeforslaget

– Grunnleggande feil
SP-veteran Per Olaf Lundteigen seier til VG at partiet ombestemte seg etter å ha sett at forslaget var i strid med deira. Lundteigen jobba sjølv aktivt mot tiggeforbudet, og er no nøgd med partiet si avgjersle.

– Hovudproblemet med forslaget er rett og slett at det ikkje skal vera lov å hjelpa folk, det å tigga er berre eit anna ord for å be om hjelp, seier Lundteigen.

Han seier òg til VG at det ikkje blir aktuelt for partiet å snu på nytt om forslaget skulle endrast.

Forslaget om tiggeforbod har fått mykje internasjonal merksemd

Kommunane kan enno bestemma
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, seier til NTB at dei framleis vil lata kommunane sjølv ha høve til å innføra lokale tiggeforbod, men at det omtrent ikkje var usemje på partiet sitt gruppemøte om å sei nei til forslaget som vart lagt fram tidlegare i veka.

– Å straffa medverknad til tigging er ikkje akseptabelt. Det kan ikkje vera straffbart å gi folk klede, mat og husly, seier Arnstad.

LES OGSÅ: Ny målingssmell for regjeringa