≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Eksamen, Tips til eksamen, Fridtjov Oos legat

Seksar-Torstein sine beste eksamenstips

Torstein Slettmoen fekk berre seksarar då han gjekk ut frå vidaregåande i fjor. Her er dei beste tipsa hans til førebuing og gjennomføring på eksamensdagen.

Svein Olav B. Langåker
fredag 22. mai 2015 08.30

Seksar-Torstein sine beste eksamenstips Torstein Slettmoen fekk berre seksarar på vidaregåande. Gamle eksamensoppgåver, nok søvn og druer er blant eksamenstipsa hans. Foto: Privat

Korleis førebur du deg til eksamen?

– Eksamensførebuinga mi består for det meste av mykje tid med bøkene. Førebuinga er repetisjon, der gamal kunnskap skal forfriskast, samtidig som han skal knytast til anna kunnskap. Her er det viktig å fokusere på dei store linjene og samanhengar framfor små detaljar.

– Den kanskje viktigaste måten å førebu seg på, er å løyse gamle eksamensoppgåver. Dette kan ikkje undervurderast. Til sjuande og sist handlar det om å forstå stoffet, og om å kunne forklare det ved ein seinare anledning. Det er viktigare å forstå stoffet enn å hugse det! I tillegg til at det er lettare å hugse noko du forstår, er det her skiljet mellom toppkaraterane ligg.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs beste norskeksamen

Sit du oppe om nettene og les?

– Sjølv sitt eg ikkje oppe om nettene og les. Eg fungerer til seint på kveld, men eg har aldri lese til sola står opp om morgonen. Lesevanar er veldig individuelt, og eg fordømmer på ingen måte dei som føretrekk å lese på nattetid. Fungerer det for deg, må du bare halde fram, men hugs på å sove godt før eksamensdagen. 

Kva gjer du dagen før eksamen?

– Dagen før eksamen plar eg repetere dei siste småtinga eg føler eg ikkje har full kontroll på. Det er for seint å få kontroll på heile pensum, men du kan repetere nokre enkelte moment. Og sit du dagen før og kryssar fingra for at du ikkje vert spurt om noko spesielt, så bruk litt tid på å sjå over det. Jobb med det du er svakast på!

LES OGSÅ: Dette må du ikkje gjera på eksamen

Kva er dei beste tipsa dine på sjølve eksamensdagen?

– Det er greitt å møte på eksamen med ein plan. Som oftast veit du korleis eksamenen er, i alle fall dei skriftlege.

– Sjølv har eg hatt fleire eksamenar som består av ein kortsvarsdel, ofte med fleirvalsoppgåver, og ein påfølgjande langsvarsdel. Eg føretrekk å lese langsvarsoppgåvene fyrst og notere ned dei stikkorda eg kjem på i farta. Slik får eg tankeprosessen i gang, og ofte har det roa meg at eg veit kva som kjem. Etter å ha lest igjennom dei, løysar eg kortsvarsdelen. Da ligg langsvarsoppgåvene heile tida i bakhovudet, og hjernen jobbar litt ubevisst med dei. På denne måten syntest eg det er mykje lettare å starte på langsvarsoppgåvene når eg har løyst ferdig kortsvarsdelen.  

– Uavhengig av kva for plan du har på sjølve eksamensdagen, må du ta omsyn til tida i planen din. Ofte er det tida som er avgrensande faktor, så det gjeld å nytte tida godt og på rett stad. Eit anna punkt det er viktig ikkje å undervurdere, er framstillinga av sjølve oppgåva di. Hugs at sensor skal lese mange svar, så det er uhyre viktig at di framstilling av oppgåva er ryddig, lett forståeleg og at skrifta er forståeleg. Ein kritisk gjennomgang av eiga oppgåve i etterkant kan óg vera gunstig.

Kva mat og drikke har du med deg på eksamen?

– Eg har aldri hatt med meg noko spesielt på eksamensdagen av mat og drikke. Ei vassflaske og ei niste, i godt selskap av ein kaffikopp, er vel det som går att. Under eksamen plar eg vera fullstendig oppslukt i å løyse eksamenoppgåvene, og tenkjer sjeldan på mat før eg ser igjennom svaret eller i etterkant. Lur mat vil eg seie er noko som får opp blodsukkeret rakst, så kanskje druer? seier Torstein Slettmoen som no studerer medisin på NTNU.

– Heilt til slutt nyttar eg høvet til å ønske alle andre lykke til med kommande eksamenar. Sommaren er like rundt hjørnet!

SJEKK UT FLEIRE TIPS TIL EKSAMEN HER!


Oppdatert: fredag 22. mai 2015 09.32
Kommentarar



 
ANNONSE: