Sein vår kan gje ny smørkrise

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gje ny smørkrise

Lars Galtung leier Tine kommunikasjon. Bent Myrdal styrer Q-meieriene. Ingen av dei to meieritoppane har førebels hatt føling med den kalde våre.

– Me har fått inn dei mengdene me vil ha. I tillegg har mjølka vore ekstra proteinrik, seier Myrdal.

Q-meieriene omset årleg 110 millionar liter årleg. Myrdal set si lit at ein varm sommar kan retta opp for den kalde- og seine våren. Også mjølkebonde Jarle Stangeland på Stord sender ei bøn til vêrgudane.

– Her skulle det vore tett, grønt gras, seier Tor Magnus Stangeland. Han må konstatera at kulden har teke knekken på mesteparten av raigraset.

LES OGSÅ: Bøndene fryktar store tap

Ein månad på etterskot

Stangeland hentar fram fjorårstala som viser at han i fjor tok inn første avlinga 29. mai. Det er han sjanselaus på å få til i år.

– Nei, det går ikkje. Ikkje berre har kulden bremsa veksten i graset kraftig. Me ser også at isbrann har herja fælt. Store delar av enga ligg framleis grå. Særleg har kulden gått hardt utover raigraset. Nettopp raigraset er ein viktig del av enga her på garden. Me er nemleg heimsøkte av hjorten. Den har liten sans for raigraset, forklarar Stangeland.

DIGG: Slik lagar du ditt eige smør

For å berga stumpane har dei i år harva opp delar av enga for å få så i nytt for det som er gått ut.

Reknar med ein tredels reduksjon

Når det vert snakk om prognosar, vert bonden meir usikker.

– Alt avheng av vêrgudane. Får me ein knall fin sommar med gode vekstforhold kan mykje rettast opp, men slik det no ser ut så vil eg tru me står att med berre to tredelar av eit normal år når siste slåtten er unna gjort til hausten.

Pappa Tor Magnus Stangeland har tidlegare produsert fôr for sal.

– Enkelte år hadde eg 40-50 tonn grovfôr for sal. I år har me måtta kjøpa 5-6 tonn importfôr frå Sverige for å berga oss gjennom vårknipa, seier Tor Magnus Stangeland som no er dreng og medhjelpar på garden som har totalt 33 storlevande på bås.
Den årlege mjølkeproduksjonen ligg på rundt 100.000 liter.

Tvinga til å gjera grep

Jarle Stangeland innser at ein vanskeleg fôrsituasjon kan måtta tvinga han til å gjera grep i høve til dagens drift og dyretal.

– Det som er heilt klart er at eg kan ikkje ha fleire dyr enn dei eg har fôr til. Ettersom eg alt har kutta ut kjøtproduksjonen, må ein reduksjon nødvendigvis gå utover mjølka. Ei nedslakting av ungdyr og mjølkekyr kan bli aktuelt. Eg reknar med ein reduksjon i mjølkeproduksjonen på garden dette året, seier Jarle Stangeland som no driv garden på Byrkjeland på Stord.

Les saka i Sunnhordland!