Satse, eller ikkje satse?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som ung angrar vi på dumme ting vi har gjort, og etter kvart som ein blir eldre angrar ein langt meir på alt ein ikkje har gjort. Vi kjem alle til det punktet, så du kan like gjerne følgje draumen din først som sist, seier professor i innovasjon Sjur Dagestad.

Han underviser blant anna i faget «Innovasjon – alt er mogleg» på NTNU. Professoren prøver å få studentane til å få tru på eigne idear og gjev full gass i oppdraget sitt som sjølvutnemnt innovasjonsevangelist.

– Eg driv ikkje med innovasjon for pengane si skuld. Entusiasmen og gløden eg ser i auga på studentar som blir inspirerte er løn nok. Eg lever av å setje hjarte i brann, og når interessa er tent prøver eg å gje studentane nokre innovasjonsfaglege verktøy, siar Dagestad.

Innovatorar for framtida treng sårt meir av denne typen tankegang, for på nasjonalt nivå står det ikkje like bra til. Noreg har inntatt jumboplassen blant land vi elles likar å samanlikne oss med. I den årlege kartlegginga frå EU over innovasjonsevna til 34 land hamnar Noreg på 19. plass saman med Kroatia, Estland og Slovakia. Det Noreg scorar dårlegast på er patentering, bygging av merkevarenamn og innpass i nye marknader. Sverige er heilt i toppen, berre slått av Sveits, med Danmark og Finland på plassane bak.

Berre mjølk og brød
Innovasjon Noreg er ikkje nøgd med resultata frå rapporten. Kommunikasjonssjef Vincent Wego Fleischer i Innovasjon Noreg meiner likevel at det er usikkerheitsmoment knytt til indikatorane som måler innovasjon.

– Noregs innovasjonsevne blir ikkje fanga opp. Indikatorane på innovasjon er til dømes patentering, sal av var og produkt og kommersialisering. Norsk næringsliv er derimot meir basert på å ta i bruk ny teknologi og omstille seg til endringar. Her er vi veldig gode til å forbetre oss heile tida. Dette skjer dagleg, men blir ikkje fanget opp som innovasjon i rapporten, seier Fleischer.

Han er likevel tydeleg på at Noreg har eit stort forbetringspotensial.

– Vi må skjerpe oss på alle nivå. Ein av veikskapane ved norsk innovasjon er at det berre er marknader for mjølk og brød. Norske føretak, gründerar og nyskaparar må tidleg tenkja globalt og satse på den internasjonale marknaden.

Sit på gjerdet
Ei studentbedrift med internasjonale ambisjonar er Classmate, som består av dei fire datastudentane Magnus Haug, Hans Fredrik Unelsrød, Kristian Veøy og Håkon Åtte, saman med Knut Wien, Joachim Viktil og Olav Nymoen frå Entreprenørskolen. Mange av dei står no midt oppe i dilemmaet mellom å satse fullt på prosjektet eller gå til allereie sikra tilbod i godt betalte konsulentjobbar.

Knut Wien er unntaket. Han har bestemt seg for ikkje å søkja jobb. Han vil fortsetje å utvikle nettstaden, men han har forståing for at mange av dei andre sit på gjerdet fram til dei har ein klar strategi for vidare satsing. Ein av dei er utviklingssjef Hans Fredrik Unelsrød.

– Eg hadde vel sett for meg å ta i mot løn etter utdanninga. Eg har stor tru på prosjektet Classmate, men sidan vi enno ikkje har ein investor på plass er eg litt skeptisk til å seie opp jobbtilbodet og satse fullt ut.

Han takka ja til jobb i eit stort konsulentfirma i fjor. Fast jobb tyder fast inntekt og høve til å kjøpe leilegheit og betale ned studielånet.

«Idé-Idol»
Andre har ikkje kome like langt med ideen sin som gutane i Classmate. Start NTNU tek sikte på å hjelpe desse eitt steg vidare. Fredag 25. mars fekk studentar presentere dei tidlege ideane sine føre eit kyndig fagpanel av ekspertar og gründerar under arrangementet Starthjelpen.

– Vi hjelper deltakarane med å strukturere ideane deira, og gjev dei tilgjenge til ressurspersonar i næringslivet for å hjelpe dei vidare i idéfasen, seier Vegair Lein Ausrød, som sit i fagpanelet. Han fungerer dagleg som mentor for studentar som vil utvikle idear.

Starthjelpen har mange deltakarar, nokre med ein langt på veg utvikla idé, medan andre idear berre er rabla ned på ein serviett.

Student Thomas Brigtsen frå produktutvikling på NTNU er første deltakar som entrar venterommet på Starthjelpen. Bengtsen er lettare nervøs før han skal inn og halde presentasjonen sin. Han tek ein rask pust i bakken og drikk ein slurk kaffi før han går inn. Bak denne døra får ingen andre sleppe inn, berre Brigtsen og ideen hans. Alt som blir sagt og vist fram er strengt konfidensielt.

Etter nesten ein halvtime kjem Brigtsen ut igjen, smilande. Han er nøgd med presentasjonen og fortel at han har fått god konstruktiv tilbakemelding frå fagpanelet.

– Dette gjekk kjempebra. Eg fekk gode innspel og tips til personar eg kan kontakte, seier Brigtsen.

Han har allereie ein prototype på produktet og har kome relativt langt i prosessen, men vil ikkje offentleggjere ideen enno. Han kan likevel røpe at ideen er eit produkt innanfor vassport.

Norsk mentalitet
Brigtsen er kreativ og har mange idear liggjande i bakhovudet. Han har gjort seg nokre tankar om kvifor det er vanskeleg å drive innovasjon i Noreg.

– Utfordringa for norske studentar er at vi ikkje har nok kunnskap om prosessen frå idé til ferdig produkt. I tillegg har vi for lita røynsle med innovasjon og gründerverksemd i Noreg, seier Brigtsen.

Leiar for Starthjelpen, Ole Henrik Birkelund, skyt inn at det sannsynlegvis òg er noko som ligg i kulturen.

– Sjå til USA til dømes. Der har folk trua på at det er mogleg å skape sin eige føretak. I Noreg har vi ein litt annan mentalitet, og det å satse på eigen idé . Vi er heldige her kor dei fleste har ein stabil og godt betalt jobb, og det er difor ein høg risiko å velje bort fast jobb og gå for eigen idé.

I likskap med Innovasjon Noreg trur Birkelund at norske føretak ikkje er vant til å tenkja i stor skala.

– Kvifor tek ikkje dei norske føretaka ideane sine eitt steg vidare, spør Birkelund.

Han fortel om GSM-nettet til mobiltelefonar, som først vart utvikla i Trondheim. Likevel var det dei finske naboane våre som kom med Nokia og mobiltelefonane.

Kva er det eigenleg som skal til for å lukkast med ein idé?

– Eg trur nesten ein må vere lite naiv, seier Birkelund.

Han fortel at det er viktig å tru at nettopp den vesle ideen din kan vekse til å bli noko stort.

– Ein må tenkja at «dette her det skal eg klare». Og viss du tenkjer det lenge nok, og verkeleg brenn for ideen din, då vil du til slutt klare det, oppfordrar han.

Kommersiell bistand
Klokka tikkar vidare, første deltakar har gått og inn døra kjem neste deltakar som skal presentere ideen sin, denne gongen innanfor «sosialt entreprenørskap». BI-student Marianne Hoel forklarar nærare kva dette er.

– Sosialt entreprenørskap skilje seg frå anna sosialt ved at det er profittbasert. Det skal gå rundt økonomisk, seier Hoel.

Korleis hamna ho på Starthjelpen? Hoel har hatt fast jobb i Trondheim kommune, men ynskte lenge å ha meir ansvar. Difor byrja ho på BI, der ho måtte leggje fram ein forretningsidé gjennom ei skuleoppgåve.

Hoel ynskjer å satse på ideen sin innanfor sosialt entreprenørskap, og går inn til fagpanelet for å høyre kva dei meiner. Når ho kjem ut igjen har ho fått mange gode tilbakemeldingar.

– Dette gjekk bra, og eg vil absolutt satse vidare. Men dei sa at det kan vere lurt å finne ein partnar eller sponsor for å ta prosjektet vidare, seier Hoel.

Kreator
Studentorganisasjonen Start NTNU planlegg og gjennomfører ulike arrangement, slik som Starthjelpen. Dei ynskjer å vere inspirerande for studentar som vil setje ein idé til verk sine.

– Start NTNU ynskjer å inspirere studentar til å tenkja innovativt, såg vi kan ha noko å leve av når olja tek slutt, seier nestleiar Kenneth Hóle i Start NTNU.

I tillegg til Starthjelpen arrangerer dei òg den alternative karrieredagen Kreator, der ulike føretak blir invitert til NTNU for å inspirere studentar til å vere innovative og nyskapande. Studenten sjølv får prøve ut ulike produkt frå føretaka, og dessutan delta i rebusløp.

Satse alt eller ingenting
På kontoret til Classmate blir jobba det iherdig med å hjelpe studentar til ein enklare kvardag. På deira nettstad kan studentar blant anna melde fag dei har hatt, og halde oversyn over studieløpet sitt.

Ideen som førde til Classmate kom etter lang tids irritasjon over studentportalen It´s Learning, og ynskte om at det burde vere enklare å få informasjon om kva for fag som er gode og dårlege.
Initiativtakar Wien sette seg ned med kameraten Joachim Viktil i november, og allereie i januar kom dei opp med den første versjonen, beståande av ein bloggliknande side for meldingar av dei beste faga på NTNU, der ein samstundes kunne åtvare mot dårlege undervisningsopplegg i einskilde fag.

– Vi ynskjer å setje fokus på det vi meiner er ein generell feil med utdanningssystemet i dag, som gjer at professorar som ikkje har interesse eller evne til å forelese skikkeleg blir tvinga til å gjere det. Det går ut over motivasjonen til studentane og studiekvaliteten. Irritasjonen over dei dårlege førelesarane var ein stor del av grunnen til at vi ville starte Classmate, seier Wien.

Han synst det er veldig spennande å jobbe med sitt eige prosjekt at det er vel verd å måtte leve som student i nokre år til.

– Vi har ikkje så mykje å tape på å satse. Det ein risikerer er berre materielle ting. Det er mykje morosamare å brenne for eit prosjekt og berre jobbe med dette, då gjer det ikkje noko om ein bur på studenthybel.

Ein jobbar så mykje at ein ikkje rekkjer å vere heime likevel. Eg vil heller gjere dette dei neste åra enn å ta ein trygg jobb for nokre andre, seier Wien.

Fjellvandring
Professor Dagestad fortel at om ein skal kome nokon veg innanfor nyskapning og utvikling, så må ein gje hundre prosent. Dei som har bana veg for ny teknologi har ofte prøvt og feila mange gonger først.
Dagestad har sjølv møtt mange problem som innovatør og gründer. Han enda med å bli heileigar av ein fiasko då han laga ei maskin for å hjelpe sin hardt skadde studiekamerat etter ein bilulukke. Nervøs for å miste eit høve til å ta patent på maskina som var eit medisinsk treningsapparat, halde han det heile hemmeleg for omverda.

– Eg var så oppteke av å verne det eg hadde laga at prosjektet stranda. Sidan har det verken vorte stole eller utvikla. Det er eit godt døme på at det er betre å eige éin prosent av ein suksess enn hundre prosent av ein fiasko.

Det er ifølgje professoren ingen ulempe å ha litt møkk under neglene når ein startar.

LES SAKA I UNDER DUSKEN (på bokmål)!