Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho målbind nett-trolla

Ho er kjent for eit satirisk blikk og raus sjølvironi, og har fått Dagbladet til å opne spaltene for velplasserte sleivspark på nynorsk. Samtidig skriv ho så engasjerande at nettmobbarane gløymer å fylle kommentarfeltet med eiter og galle om spynorsk.

Om få dagar skal forfattar og skribent Agnes Ravatn (31) møte eit hakket meir positivt innstilt publikum, som festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Det skjer trygt plassert ved Ivar Aasen-tunet midt mellom Ørsta og Volda. Ravatn gler seg, men har ei viss ærefrykt etter å ha sett kven som har hatt rolla før henne.

– Eg kjem til å granske ansiktsuttrykka til publikum og tilby meg å refundere billettane viss dei ikkje er fornøgde.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Ingen nynorskmaskot
Etter at Agnes Ravatn debuterte med romanen Veke 53 i 2007, fekk ho jobb i avisa Dag og Tid. Der fekk ho frie tøylar og kunne skrive om kva som helst, noko som resulterte i føljetongar om alt frå norske vekeblad til sjølvhjelpslitteratur. Sistnemnde kjem i bokform til hausten, og blir truleg den første sjølvhjelpsboka på nynorsk i verdshistoria. Men akkurat denne nynorskmerkelappen kan tidvis kjennest litt klam.

– Som nynorskingar må vi ikkje heile tida tematisere nynorsk, men derimot bruke språket som om det var det mest naturlege i verda. Det er språket mitt. Eg trur det er viktig at dei som har høve til å nå breitt ut, normaliserer og avmystifiserer nynorsken. Samtidig er eg er veldig klar over alle vi har å takke for at vi kan gå rundt og skrive som vi gjer utan problem, seier ho.

LES OGSÅ: Tulla seg til internasjonal hit

Dei lettbeinte og kvasse formuleringane hennar har ført til spalta i Dagbladet ikkje lenger får hetsande kommentarar om nynorsken.

– Det nynorskhatet stikk ikkje så djupt, så lenge saka som blir omtala er viktig nok for folk.

Sjølvhjelp i skogen
Som sjølvutnemnd sjølvhjelpsguru har Agnes Ravatn mellom anna lagt vekk smarttelefonen for å unngå å sløse vekk tid. I staden har ho funne fram ein gammal telefon som ikkje ein gong kan ta bilete. Erfaringane som teknologiasket skal ho dele med festspelpublikummet.

Gjennom arrangementet Digital avrusing, må deltakarane leggje frå seg mobiltelefonane før dei blir med på ei vandring gjennom skogen opp til Høgetua bak Ivar Aasen-tunet.

LES OGSÅ: La leikane byrje

– Då skal dei få oppleve skogens ro og den åndelege leiaren Agnes Ravatn som skal snakke om gleda ved det teknologifrie livet. Som eg ikkje alltid er ein del av sjølv, må eg innrømme. Men eg har i alle fall enda opp med eit nivå som eg er fornøgd med, det er leveleg. Det er viktig å få ut meldinga om at det ikkje er for seint å fri seg frå mobilen, seier ho.

Snakkar i salaten
Tekstane til Ravatn vere utgangspunktet for fleire programpostar under festspela. Ein av dei er ei hagevandring saman med forfattar Rønnaug Kleiva, der Ravatn skal lese frå si siste bok, Fugletribunalet.

– Eg skal vere sidekick medan Rønnaug Kleiva som har grøne fingrar skal stå for tipsa. Eg skal lese frå dei partia der hovudpersonen ikkje får til hagearbeidet. Det har eg til felles med ho, eg kan forsvinnande lite om hage. Men i år dyrkar eg spinat og bladbete i balkongkassene, då eg for første gong i livet har eit område å dyrke på. Illusjonen om at livet skal bli bra om ein berre får litt jord under neglene har så langt slått til, fortel Ravatn.

LES OGSÅ: Harding-fele er balsam

Fugletribunalet kom ut i fjor. For den kunne Ravatn hauste inn både Ungdommens kritikarpris og romanprisen til P2-lyttarane. Under festspela skal romanen vere utgangspunktet for ei danseframsyning

– Heldigvis er det boka som dansegruppa har late seg inspirere av, ikkje meg som person. Eg lurer veldig på kva slags forknytt dans det skulle resultert i.

Iskald og lettrørt
Då Fugletribunalet kom ut i haust, var det fleire anmeldarar som etterlyste den satiriske Ravatn-pennen dei var vande med. Enkelte stilte spørsmål ved om heile boka eigentleg var ironisk. Men sanninga var at Ravatn berre baud på den meir alvorlege sida ved seg sjølv. Ei anna side avslørte ho nyleg då ho dukka opp iført forkle i kjøkenspalta til A-magasinet og la ut om kor høgt ho elska stavmiksaren sin.

– Eg er glad for at eg har ulike stilartar og kan overraske både meg sjølv og andre, ler ho.

Under Dei nynorske festspela kan Ravatn kome til å avsløre endå fleire sider ved seg sjølv. Som festspeldiktar må ho nemleg følgje tradisjonen med å leggje ned ein krans på minnebautaen til Ivar Aasen.

– Mor mi gler seg veldig til å sjå at eg legg ned ein krans på bautaen, eg trur ikkje ho klarer å sjå det høgtidlege potensialet i meg. Kanskje folk vil få sjå meg lettrørt og jublande ved bautaen i Ivar Aasen-tunet – og iskald og ironiserande i neste augneblink.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Faktaboks

Dei nynorske festspela går føre seg frå 26. til 29. juni i Ørsta og Volda.

Ivar Aasen-tunet er hovudarena og temaet i år er «Makt».

Festspeldiktar er Agnes Ravatn (31) frå Ølen i Rogaland, no busett i Oslo.

Aasmund og Odd Nordstoga, Linda Eide, Kråkesølv, Einar Økland og Ørnulf Opdahl står også på programmet.