Sanner kastar ut frivillige organisasjonar

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kastar ut frivillige organisasjonar

4H, Skogselskapet, Landbruksselskapet og Hageselskapet har i dag til saman 61 kontorplassar hjå fylkesmennene i Noreg. I tillegg til gratisleige har dei kunne nyte godt av både utstyr og kontortenester, skriv Dagens Næringsliv. Men no kastar husverten, staten, dei ut.

– Eg er oppteken av at organisasjonar skal behandlast likt. Det er urettferdig for andre organisasjonar som sikkert også vil ha gratis kontor og utstyr. Organisasjonane skal få ein rimeleg overgangsperiode, seier Sanner til avisa.

LES OGSÅ: – Ikkje godt nok, Sanner

Kommunalministeren strekar i tillegg under at ordninga kan føre til ei uryddig rolleblanding då dei fire organisasjonane har hatt lett tilgang til fylkesmannskontora.

Den privilegert plasseringa til dei fire organisasjonane stammar frå 50-talet då dei samarbeidde med fylkeslandbrukskontora.

– Det kan sikkert ha sine historiske grunnar, men i dag må vi ha openheit rundt slike ordningar, seier Sanner til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Tar fram kommunepisken i 2017