Samling for den sakte maten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier leiar for Slow Food Sunnhordland, Margareth Tislevoll.

Eitt år etter at Slow Food Sunnhordland hadde sitt første møte, inviterer laget til samling om og med sakte mat på museet.

Det eitt år gamle laget inviterer til ope møte på Sunnhordland museum førstkomande torsdag der hovudattraksjonen er leiaren for Slow Food Norge, Pål Drønen. Han skal snakka om arbeidet for den sakte maten i Norden og den verdsfemnande samlinga Terra Madre.

– Møtet er ope for alle som er interesserte i matkultur og mattradisjonar, same om du er matproduserande bonde eller ei bestemor som meiner borna i dag et for mykje ferdigmat, seier Margareth Tislevoll.

Snøggmat
Slow Food er ei internasjonal rørsle som starta i Italia i 1989 og som sidan har breidd seg verda over til 132 land og har over 100.000 medlemer. Bakgrunnen er den stadig sterkare industrialiseringa av matproduksjonen og hangen til å eta snøggmat både på kioskar og i kjøken.

– Me i Slow Food Sunnhordland vil vera eit nettverk både for dei som lagar mat og dei som set pris på god mat og tradisjonar. Me vil fremja gamle tradisjonar og lokal matkultur og mat som er laga på ein rettvis og berekraftig måte. Men me er ikkje eit lag for gourmetkokkar, seier Tislevoll.

– Vil de også arbeida for at det blir servert lokal mat på kafear og utestader. Halvgode pizzaer og italiensk jålebrød finn ein overalt, medan kjøtkaker eller steikt fisk skal ein leita lenge etter?

– Dette er ei sak me kan arbeida for. Eg har snakka med folk i utelivsbransjen, men dei seier det er så dyrt å laga slik mat. Det er avhengig om folk vil betala det det kostar.

– Så det er dyrare å servera fisk frå fjorden enn ein slags tapas frå Spania?

– Håpet er jo at dersom folk blir meir medvitne kva dei et og spør etter saktemat og tradisjonsmat, så vil serveringsnæringa leggja om på menyane sine òg, seier Margareth Tislevoll som leier eit lag med førebels 32 medlemer med ulik bakgrunn, men matgleda felles.

Sakte mat
– Eit siste spørsmål, når de er så opptekne av lokal kultur og tradisjon, kvifor brukar de eit engelsk namn på organisasjonen? Sakte mat er vel eit vel så godt namn som Slow food, og Terra Madre betyr jo berre Mor jord?

– Det har nok med det å gjera, at det er ei internasjonal rørsle. Eg har eigentleg ikkje tenkt særleg over dette, men skjønnar kva du meiner og lovar å spørja Drønen om dette, seier Margareth Tislevoll.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!