Samanslåing kan gi avgiftssmell

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift for distriktskommunar er det mest omfattande regionalpolitiske verkemiddelet me har, ifølgje regjeringa.

Ordninga blei innført i 1975, og frå juli i fjor blei 31 nye kommunar innlemma i ordninga. No har 261 kommunar i Norge lågare arbeidsgjevaravgift enn dei meir sentrale kommunane.

I Nord-Noreg har Tromsø og Bodø ei avgift på 7,9 prosent, medan dei andre kommunane har 5,1 prosent. I Nord-Troms og Finnmark slepp bedriftene å betala arbeidsgjevaravgift.

I fjor la Bodø og Tromsø fram ein rapport som viser at høg arbeidsgjevaravgift påverkar sysselsettinga negativt.

Så kva vil skje med kommunar som har ulik sats for arbeidsgjevaravgift dersom dei slår seg saman?

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet svarer:

– Dersom same praksis med differensiert arbeidsgjevaravgift blir vidareført i neste sjuårsperiode, vil dei samanslåtte kommunane bli handsama som éin kommune. Det er likevel ikkje sikkert at dei vil få høgare avgift sjølv om kommunane blir slått saman med kommunar der folketettleiken til saman blir høgare enn åtte personar per kvadratkilometer. Det heng saman med at det er fleire kriterium som vert nytta når ein fastlegg sonene. Mellom anna skal det leggjast vekt på samanhengande område og utviklinga i kommunen eller regionen. Vidare veit me ikkje om det blir endringar i retningslinene for regionalstøtte og dei høva me har til å gje driftsstøtte til føretak.

Det er ESA, overvakingsorganet til EFTA, som godkjenner desse retningslinjene.

Set foten ned

I Sunnhordland ligg Kvinnherad og Tysnes i klasse 2 for arbeidsgjevaravgift. Det betyr at bedriftene betaler 10,6 prosent i arbeidsgjevaravgift i staden for 14,1 prosent.

Både Tysnes og Kvinnherad kommune har fleire innbyggjarar per kvadratkilometer enn åtte. Det er EU si grense for kva som blir rekna som område med spreidd busetnad. Dersom dei to slår seg saman med dei endå meir folketette kommunane i vest, er det langt frå sikkert at det vil vera mogeleg å få lågare arbeidsgjevaravgift for heile storkommunen.

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad (Ap) er klar i talen:

– Dette er ikkje positivt for Tysnes. Me vil definitivt koma på feil side i vurderingsskalaen. Viss dette blir resultatet, vil me samla sett koma dårlegare ut enn før. Då set me foten ned.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har lova at kommunar med mindre enn 3.000 innbyggjarar som i dag får småkommunetillegg, vil halda på dette i 20 år etter ei samanslåing. For Tysnes sin del utgjer dette 5,4 millionar kroner i året.

Auke i arbeidsgjevaravgift for Tysnes kommune som bedrift utgjer 4,6 millionar i året. Tar ein med alle bedriftene i kommunen, vil ekstrarekninga bli på 12,8 millionar i året totalt, basert på innrapporteringa i fjor.

– Eg meiner at me må få halda på dei ordningane me har i dag i 20 år etter ei samanslåing, til ein har funne andre ordningar, elles blir dette vanskeleg, seier Tysnes-ordføraren.

For Kvinnherad kommune som bedrift blir ekstrarekninga 21,5 millionar i året, basert på lønskostnadene i fjor. Men då Kvinnherad fekk lågare arbeidsgjevaravgift fekk kommunen eit endå lågare rammetilskot, ifølgje Helge Flatland ved økonomikontoret i kommunen.

– Forhandlingsspørsmål

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H) seier at spørsmålet om arbeidsgjevaravgift må bli eit forhandlingsspørsmål overfor departementet.

– Ingenting er hogd i stein. Det vil vera mange støtteordningar som det kan bli spørsmål om, men det må ikkje vera dette som gjer om ein går inn i ein storkommune. Det kan vera andre effektar som gir positiv gevinst.

Eskeland er sikker på at ein vil ha gode kort på handa, som kan få departementet til å leggja pengar i potten.