≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Livet

«Saknet er like stort, men ikkje like sårt»

Aslak Nicolaysen (23), Line Marlene Haugen (23) og Mona Øygarden Aasnes (22) gjekk i same klasse. I løpet av fem år mista alle tre fedrane sine i ulykker. No fortel dei om dagane som endra alt, reaksjonane, lengselen – og dei gode minna som lever vidare.

Line Omland Eilevstjønn, VTB.no
laurdag 26. november 2016 08.29

«Saknet er like stort, men ikkje like sårt» Aslak med pappa Roy Nicolaysen (t.v.), Line Marlene med pappa Ånund T. Haugen og Mona med pappa Tore Aasnes. Foto: Privat

Først publisert i Vest-Telemark Blad.

18. juni 2001.

Roy Nicolaysen døyr i ei motorsykkelulykke 42 år gamal. Att i Edland sit Aslak og storesyster Anja utan pappa.

«Dagen eg mista pappa kjem eg nok aldri til å gløyme. Me var heime den dagen, og  pappa ville ut for å ta seg ein motorsykkeltur. Eg hugsar dette spesielt godt fordi han spurde om eg ville vera med på turen, noko eg ofte var. Men denne gongen ville eg ikkje vera med, så eg blei att heime.

Eg har eit minne der eg ser han gå ned trappene i motorsykkel-utstyret sitt, for så å forsvinne rundt hjørnet på sykkelen. Det var siste gongen eg såg han i live. Dette er eit minne som både er veldig vanskeleg å bera på, men også litt godt å ha sidan det ikkje er så veldig mykje anna eg hugsar konkret frå tida eg hadde med han. Men det har ofte vore vanskeleg å tenke på at eg sa nei til å bli med pappa på tur.

Når det gjeld min eigen reaksjon etter ulykka, så kan eg ikkje seie så mykje. Eg hugsar ikkje stort, berre at eg gjekk inn i ein fornektingsfase der eg ikkje heilt klara å forstå at pappa var borte. Eg reagerte til dømes kanskje minst av alle då me i familien fekk vita kva som hadde skjedd, rett og slett fordi eg var for ung til å takle så mange følelsar samtidig.»

Aslak (7 år gamal då faren døydde)

 

28. juni 2005.

Ånund T. Haugen døyr i ei arbeidsulykke i ein tunell på Aukra anlegg, 39 år gamal. Att i Haukeli sit Line Marlene og veslebror Halvor utan pappa.

«Eg hugsar ikkje så mykje av kva som skjedde den dagen. Eg hugsar best at eg fekk beskjeden. Det gløymer ein ikkje med det fyrste. Dagen var veldig normal. Han var pendlar, og var på jobb to veker om gongen.

Dette var ein dag han var på arbeid, midt i veka. Eg sat oppe på rommet mitt og såg på «Friends», og eg hugsar at eg hadde det veldig artig. Så kom mamma opp, og klara ikkje få ut eit einaste ord. Ho var på gråten og klara ikkje å seie nokon ting. Til slutt fekk ho fram at ho ikkje visste korleis ho skulle få sagt det. Og så prøvde ho å seie pappa, men så kom ho ikkje lenger. Og då tenkte eg bestefar, for det var det mest naturlege med tanke på alder. Men det var det då ikkje.

Eg trudde ikkje på det med ein gong. Det kunne liksom ikkje skje meg. Det var uaktuelt. Så den dagen blei det ikkje så mykje tårer. Det gjekk ikkje opp for meg. Det tok vel nesten ei veke, for det var då han eigentleg skulle koma heim att. Då merka eg at det var ekte. Siste gongen eg såg han var som alle andre gonger han skulle på arbeid, me hadde sjeldan noko stor samtale når han skulle reise, men det var evigvarande kos med knallharde skjeggete klemmar, og han sa alltid at han snart kom att.»

Line Marlene (12 år gamal då faren døydde)

 

14. januar 2006. 

Tore Aasnes døyr i ei snøskuterulykke i Rauland, 39 år gamal. Att i Vå sit Mona og storesyster Heidi utan pappa.

«Eg var på besøk hjå ei klassevenninne. Når eg ser tilbake på det no så er eg usikker på om eg syntest det var ein rar dag før eg fekk vita det, eller om eg berre hugsar den som rar no. Eg hugsar at bestefar til venninna mi kom på besøk og sa at det hadde vore ei skuterulykke på Rauland. Han visste ikkje meir enn det.

Men så ringte telefonen, og ei som passa på oss den dagen tok han. Ho svarte veldig roleg på det ho fekk høyre, og eg syntest alt var så rart. Og så såg eg ut av vindauget at mamma kom, men at det var ei venninne som køyrte bilen. Då forstod eg at det var noko feil. Så fortalde mamma at det hadde skjedd ei ulykke og at pappa var borte. Når ein høyrer slikt så trur ein trur ikkje på det ein høyrer. Ein går rett inn i sjokktilstand.

Resten av dagen var berre rar. Ein går og tenker. Eg var ikkje så gamal, men eg hugsar det veldig godt. Det var ein merkeleg dag og ei merkeleg veke. Det var veldig tøft. Då mamma fyrst sa det så såg eg berre på henne og lura på om det var sant. Og så kom tårene. Og det var tårer veldig lenge.

Me såg kvarandre siste gong dagen før, då han hadde kome heim frå pendlarjobben. Eg hugsar at han spurde kva eg skulle i helga. Og då sa eg at eg skulle på overnattingsbesøk. Og så syntest han at eg hadde farta så mykje, så han sa: «Ånei, skal du vera borte denne helga òg?» Det hugsar eg veldig godt. Men det var jo eigentleg ei fin samtale, då.»

Mona (12 år gamal då faren døydde)

 

Sommaren før 93-kullet startar i tredje klasse på Edland skule mistar Aslak faren sin. Fire år og ti dagar seinare, sommaren før dei skal starte i sjuande klasse, døyr faren til klassevenninna Line Marlene. Eit halvt år etter det att mistar også klassevenninna Mona faren sin. Dei veks opp i heimar som manglar pappa. Dei opplever ei sorg så mørk og vond at ingen kan forstå ho før ho råkar ein sjølv.

 

Korleis hugsar de fedrane dykkar?

Line Marlene: Pappa var ein typisk far, eigentleg. Han var overbeskyttande. Me hadde eit veldig godt far-dotter-forhold, og han var utruleg snill, rettferdig og ikkje redd for å seie noko av det han meinte. Han hadde veldig gode relasjonar til alle i slekta – og var eit anker i familien.

Mona: Eg var … eller eg er ei pappajente. Det seier vel litt om kva han var for meg. Eg hugsar han som god og snill. Han var alltid med på leiken. Eg hugsar mange små augneblikk, som plutseleg blir viktig å ta med seg i ein situasjon som denne. Som dei gongene eg sprang opp trappa og så kom han etter og skulle ta tak i føtene mine, eller når han gøymde seg bak sofaen for å skremme meg og Heidi.Og så er det kanskje litt typisk ungar, at når ein får nei frå mamma, så går ein til pappa …

Line Marlene: Haha! Ja, det kan eg seie meg samd i.

Aslak: Pappa var etter mitt eige minne ein veldig god mann. Han var godt lika i bygda og aktiv i bygdemiljøet. Nå var jo eg veldig ung då pappa levde, så det er ikkje så alt for mange detaljar eg faktisk hugsar. Det har vore ei utfordring i seg sjølv eigentleg, med tanke på at ein saknar noko ein ikkje heilt hugsar korleis var. Men pappa var i alle fall etter det eg har blitt fortalt av både syster mi – som er ein del eldre enn meg – og andre ein veldig høgt respektert mann som ikkje hadde eit vondt fiber i kroppen.

 

Hugsar de korleis dei rundt dykk – både vener, familie og lærarar – reagerte på sorga dykkar?

Line Marlene: Fyrst må eg seie at folk er veldig forskjellige. Eg er til dømes ikkje så veldig glad i klemmar. Og når du då reiser på butikken etter ulykka og så kjem folk du nesten ikkje kjenner bort og klemmer deg. For meg gjorde det saka nesten verre. Når det gjeld lærarane våre så tok dei det òg veldig forskjellig. Nokon hadde eit veldig profesjonelt forhold til det, andre hadde vanskeleg for å forhalde seg til oss ei beite, trur eg. Det skjer jo ei personforandring i deg etter noko slikt. Det er heilt klart. Folk som var nær meg trong ikkje seie så mykje. Det viktigaste var berre å vise at dei var der.

Mona: Etter alt som skjedde på skulen vår etter kvart så fekk jo lærarane våre litt trening i slike situasjonar. Det som skjedde med pappa skjedde i ei helg, så på måndagen etter var det lagt opp til minnesamvær på skulen. Det syntest eg var veldig greitt. Då slapp folk å anstrenge seg overfor meg, og eg slepp å fortelje så mykje sjølv. Men som Line Marlene seier så er alle veldig forskjellige. Til dømes, i motsetnad til Line Marlene så synest eg at ein klem var ganske fint å få. Folk veit ikkje heilt kva dei skal seie, og det kan vera vanskeleg både for dei og for oss som har mista nokon viss ingenting blir sagt, så ein klem er ein fin måte å få vite at folk bryr seg. Du har kanskje ikkje lyst til å snakke akkurat der og då, men du veit at du har høve til det når du har lyst.

Aslak: Det var nok mange som ikkje visste kva dei skulle seie, ja. I mitt tilfelle kan eg tenke meg at det nok var veldig vanskeleg å snakke med eit barn som mistar far sin i så ung alder. Eg hugsar også at folk i klassa hadde vanskeleg for å snakke om det sidan ikkje dei heller – naturleg nok – klara å forstå kva som hadde skjedd. Men, folk viste meg mykje kjærleik og omsorg, noko som var heilt naudsynt for meg på denne tida.

Mona: Det kan vera vanskeleg den dag i dag, det. Når eg treffer nye folk som lurar på kva foreldra mine driv med. Det er så ukomfortabelt å få det spørsmålet. Eg synest sjølv det er greitt å prate om det, men når andre høyrer at far min gjekk bort då eg var tolv år, så får dei ein «oi, då»-reaksjon. Det forstår eg, for det er ikkje det ein ventar å høyre. Men det er vanskeleg for meg også viss dei ikkje veit kva dei skal seie.

Line Marlene: Ja, det merkar eg òg. Det er fort at ein ploppar ut med det, men då blir folk ståande paffe og tause. Så då prøvar heller eg å styre samtala over på noko anna. For dei som ikkje har opplevd dette kjennest det nok grueleg unaturleg. Så då ventar eg på den reaksjonen eg veit kjem. Og gruar meg til den.

Aslak: For meg så kjem det veldig an på kven eg pratar med, men eg synest i alle fall det kan vera veldig godt og fint å dele.

Mona: Det er ein stor del av meg. Og eg vil gjerne at folk skal vite at det ikkje er farleg å prate om det. Folk er – som me har sagt fleire gonger – forskjellige, men for meg er det i alle fall godt å prate om det. På den måten klarar eg sjølv å ha eit greitt forhold til det.

Line Marlene: Ja, det tenker eg er viktig. At det ikkje blir eit tabu-tema. Det kan bli vanskelegare viss ein stenger alt inne i seg sjølv. Ingen er åleine om dette, men eg trur det er eit tema dei fleste prøvar å unngå å prate om. Det er synd.

Alle tre fortel at dei hugsar godt at dei fekk mykje hjelp av prostdiakon Eilev Erikstein i den vanskelege tida. Faktisk, så mista heile sjuav femten elevar i klassa deira nære familiemedlemar i løpet av barne- og ungdomsåra sine på Edland. Og då var prostdiakonen god å ha, minnest Aslak, Line Marlene og Mona.
 

Line Marlene: Me var temmeleg mange i den klassa som opplevde tap av eit nært familiemedlem. Me følte vel nesten at det hang ei forbanning over oss.

Mona: Det blei litt ekkelt etter kvart. Eg venta nesten berre på kva som var det neste som kom til å skje.

Line Marlene: Ja, det trur eg nesten heile bygda gjorde ei beite.

Mona: Eilev kom innom ein gong i månaden, eller kanskje annankvar månad, og då tok han oss som hadde opplevd tap i familiane våre med ut på eit anna rom ei stund. Då prata me. Og så fekk me godteri.

Line Marlene: Ja, seigmenn, hugsar eg.

Aslak: Han hjelpte meg med å forstå mi eiga sorg, så eg har berre gode minner frå desse gruppe-samtalane. Dette gav også oss i klassa som hadde opplevd mykje av det same ei plattform der me kunne prate med kvarandre om dei tinga som var vanskelege, noko eg syntest var veldig positivt.

Mona: Eg synest han er flink. Han er bestandig roleg. Og så forventar han ikkje å få eit svar. Ein treng ikkje anstrenge seg når ein møter han. Eg grua meg aldri til dei møta.

Line Marlene: Nei, ein gleda seg jo nesten. Me fekk eit lite avbrekk. Og me snakka om mykje anna enn sorga òg. Han peikte alltid på kor viktig det var å ha noko å sjå fram til. Eg vil nok seie at han har spela ei stor rolle i det å få oss til å opne oss kring dette.

Aslak: Ja, og eg hugsar at han var der for meg heilt frå dei fyrste dagane etter at pappa døydde. Han var der då me reiste for å sjå pappa etter ulykka, og han følgde meg gjennom dei vanskelege komande åra.
 

Klara de tre å prate om det de hadde vore gjennom saman?

Aslak: Eg hugsar godt då både Line og Mona mista sine fedrar, og eg hugsar at eg følte eg ville hjelpe dei og prøve å vise medkjensle og omsorg. Det var eit slags rart ansvar eg kjende for å snakke med dei, sidan eg hadde gått gjennom det same sjølv, men eg var nok litt for sjenert til å kunne snakke veldig mykje med dei om det.

Line Marlene: Eg hugsar ikkje så godt då far din døydde, Aslak. Me var jo så små.

Mona: Ja, og eg hadde vel ikkje starta på Edland skule enno då, heller.
 

Dei kjem fram til at dei nok ikkje prata så veldig mykje saman, utanom i samtaletimane med Eilev. 

Line Marlene: Eg hugsar at eg og du Mona prata på biblioteket på skulen éin gong. Ikkje så lenge etter at far din døydde.

Mona: Å? Det veit eg ikkje om eg hugsar.

Line Marlene: Nei, eg hugsar ikkje kvifor me var der eller kva me sa, men eg hugsar at me prata litt.
 

Kva er det vanskelegaste med å miste ein far?

Mona: Å få ting til å gå opp. Alt det som pappa fiksa var plutseleg då noko mamma skulle fikse. Sjølv om ein får mykje støtte når noko slikt skjer, så blir ein plutseleg avhengig av så mange andre. Berre det å skulle reise på ferie utan pappa. Alt var plutseleg så rart. Og det var tøft. Men mamma har vore heilt super. Så me har klara oss bra, me.

Line Marlene: I min situasjon så mista me ankeret. Me blei veldig spreidde. Me var ein familie som var veldig flinke til å samlast. Sjølv om mamma og pappa ikkje var saman, så var ho også alltid med. Dei var verdas beste vener. Alt føregjekk med alle i familien til stades, men då han forsvann gjorde det til at familien blei splitta. Det var tungt.

Aslak: Det vanskelegaste med å miste ein far for min del er den tomheita du føler rundt heile temaet å ha ein pappa. Eg har i alle mine unge år følt ein slags mangel på noko som eigentleg burde vore der. Eg tenker ofte på kor annleis livet mitt hadde vore om pappa enno levde, kor eg hadde vore i verda og kva eg hadde drive på med. Eg trur at mi eiga historie hadde vore veldig forskjellig frå det den er i dag, noko som eg ser på som både godt og vondt, men sjølvsagt mest vondt. Den dagen eg innsåg at pappa verkeleg var borte for alltid, fekk eg ein følelse av tomheit og sakn inni meg som eg aldri kjem til å bli kvitt. Det er det absolutt vanskelegaste for meg.

Mona: Ja, det er det med saknet. Det er vanskeleg. Det er sårast rett etter at det har gått opp for ein. No er det meir slik at ein lærer å leve med det. Det som Aslak nemner om korleis det hadde vore viss pappa hadde vore her har slått meg fleire gonger. Og så får eg på eit vis dårleg samvit fordi eg har det så bra som eg har i dag, for eg tenker ein burde ikkje ha det så bra utan pappa. Men så slår det meg igjen at pappa hadde villa at eg skulle hatt det bra, så det er ikkje farleg å ha det bra. Det er ikkje eit vondt sakn i dag, det er meir slik at eg tenker på dei fine minna. Saknet er like stort, men ikkje like sårt.

Line Marlene: Ja. Ein lærer å leve med saknet, men det er der uansett. Eg ville bruka akkurat dei same orda som Mona – det er like stort, men ikkje like sårt. Eg har ein del bilde og filmar frå tida då alt var bra, og det likar eg å sjå tilbake på no. Til dømes av pappa som måtte sjå på Disney-film med meg, noko han ikkje lika så godt. Eg må le når eg ser kor ukomfortabel han var.  

Les heile saka i Vest-Telemark Blad!


Oppdatert: laurdag 26. november 2016 18.39
Kommentarar



 
ANNONSE: