Saknar berre sushi og mamma

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ein gjeng som badar kvar sundag her i Sogndal. Me har vore opp mot 15 stykkje, men vil gjerne rekruttere fleire. Det er derfor me har på oss baderingar, fortel Ulrikke Olsen, Ulrikke Hole Olsen og Marte Smedbakken, som møtte Framtida.no på Meieriet, som er studentarsamfunnet i Sogndal.

– Det verste er å så på kanten, det beste er å vera i vatnet, forklarer jentene, som alle studerar sosialt arbeid veg Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Tok sjansen
– Me tok sjansen på å byrje i Sogndal, og det er me veldig fornøgde med, fortel jentene som kjem frå Bergen og Oslo.

Sogndal er kjent for å ha eit aktivt studiemiljø, og jentene set pris på at det er lett å få med seg alt som skjer.

– Det kjem folk frå overalt for å studere i Sogndal, og det fint. Så likar vi at studiemiljøet er så lite og intimt, då vert ein kjent med folk med ein gong, seier jentene.

Populært
Høgskulen i Sogn og Fjordane opplevde gode søking i år, og er ei av dei mest populære høgskulane for folk som ikkje vil studera  i ein storby.

I haust var høgskulen så populær at folk laut bu på sovesal eller sofa. Pågangen er størst på reiseliv, eigedomsmekling og idrett.

Ulrikke, Ulrikke og Marte er einige om at dei likar seg ved Sognefjorden, men er klare på kva dei saknar frå storbyen.

– Det einaste som er å sakne, det er sushi. Og så mamma då.