Rusa på livet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er stilt på Hiimsmoen. Det er sommar og mange av ungdommane er på tur. Det er roleg i stallen – dei fem hestane er på sommarferie i Valldalen.

Arbeidsdagen er over, dermed er både det kreative rommet og verkstaden tom.

Ute på tunet treff me ungdommane, medan nokre prøver seg på skaterampen sit andre og pratar i solsteiken. Biletet kunne vore henta frå ein tilfeldig folkehøgskule eller internatskule, i staden for er det henta frå eit kollektiv som arbeider for å få rusfrie ungdommar. Medlever Mads Mordal (24) møter oss på tunet i t-skjorte, shorts og crocs. Han er ein av om lag 15 vaksne som bur saman med ungdommane døgnet rundt, seks veker på, og to veker av.

– Det er noko av målet her, at ungdommane skal leve eit så normalt liv som mogleg, seier han og viser oss rundt på tunet som er omkransa av stolte og høgreiste hus.

LES OGSÅ: Dårleg behandling av sommarvikarar

– Dette er meir som ein livsstil enn som ein jobb. Det blir jo heimen vår også, det er mange barn som har vakse opp her på Hiimsmoen. Det er givande å kome så tett på ungdommane, ein får tette og langvarige relasjonar med dei, mange av ungdommane kjem attende på besøk i mange år. Nokre dukkar opp her og går rett i kjøleskåpet akkurat som i andre heimar, seier han og ler.

Sett livet frå innsida
Det går bra med mange av ungdommane, og dei aller fleste ønskjer ein vidare kontakt med Hiimsmoen etter opphaldet. Årlig er det rundt tusen kontaktpunkt med tidlegare ungdommar. Sjølv byrja Mads å ruse seg som 13-åring, etter nokre år kom han til Hiimsmoen som 16-åring. Han har sett livet på Hiimsmoen frå innsida, i dag gler han seg over å lose andre unge menneske mot ei rusfri framtid.

– Det er verdifullt i denne jobben, eg har ei anna forståing for ungdommane sidan eg veit kva dei går gjennom.

LES OGSÅ: Kjent for å vera god

Chantel (18) har vore på Hiimsmoen ei stund no. Til dagleg jobbar ho på fargeriet Kafé nede i Sand sentrum. 

– Det var veldig kjipt å vere her i byrjinga, det har gått mykje opp og ned. Eg fekk ikkje mobilen min på to månadar og fekk reglar eg måtte forholda meg til som eg ikkje var van med frå før.

– Etter kvart forsto eg at dette var bra for meg, og då fekk eg òg meir fridom. Eg har prøvd å bu på lukka institusjonar, her er alt ope og mykje betre. Dette er heimen min, seier ho og har eit klokkeklart råd til andre ungdommar som slit: ta i mot den hjelpa du får, ikkje gjer motstand.

Chantel drøymer om å bli ambulansesjåfør, første steg på veg er å flytte til Stavanger og kome inn på helsefag der. I sommar var ho også saman med to vaksne ved Hiimsmoen i Armenia for å hjelpe nokre av dei fattige i landet. Ein sommar som har sett sine spor, ikkje minst var det sterkt å vere med i arbeidet på eit akuttmottak for barn.

– Eg vil gjerne tilbake for å hjelpe meir, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

Chantel (18) drøymer om å bli ambulansesjåfør. Første steg på vegen er å flytte til Stavanger. Foto: Fotogaf Nordtveit

Tryggleik i lakseslott
Tunet på Hiimsmoen vart bygd opp av den britiske familien Hunter som brukte staden som lakseslott. I 1924 overtok Røde Kors Hiimsmoen og etablerte tuberkulosesanatorium der. I ettertid har det vore både eldreheim og barnehage på moen. I 1982 starta Hiimsmoenkollektivet opp arbeidet under mottoet: å gjøre det umulige mulig.

– Me kan tilby ungdommane tryggleik, klåre rammer og struktur, dei treng det, seier Mads.

På Hiimsmoen ynskjer ein å fylgje ungdommane fram til eit betre og rusfritt liv. Det blir stilt krav til ungdommane sine liv på moen, her må dei delta i aktivitetar, og arbeide for å få helg. Målet er å leve eit så normalt liv som mogleg. Det sosiale livet er viktig, ikkje minst dei faste turane som ungdommane får vere med på.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Ved nyttår reiser dei kvart år til Hafjell på skitur, 17. mai blir feira på øya Skogerøya i Lillesand, sommarferien i år gjekk til Øytunet utanfor Kragerø, og i haustferien blir det arrangert tur til Røvær. I haust skal dei ut på ridetur på Hardangervidda, på desse turane lærer ungdommane at dei kan få til det dei vil, berre dei vil det nok og arbeider hardt nok.

Sidan det er viktig at ungdommen får avstand til sitt gamle rusmiljø, både i tid og fysisk avstand, blir det som regel gitt få heimreiser dei første månadane.

– Det gjeld for alle dei som er her, men det er jo ikkje alle som har noko å reise attende til. For nokre er dette heimen deira på alle vis, seier Mads.

– Det er klart me blir påverka av dette, det er trist å sjå på dei som ikkje klarer det, i alle fall når ein veit kor lite det kanskje skulle til før dei hadde gjennomført opplegget. Målet er også at ungdommane skal få med seg ein bagasje dei kan ta fram og bruke seinare i livet.

– Me arbeider mykje med familiane, dei er veldige ulike, nokre er skeptiske til opplegget, andre er glade, og nokre er misunnelege på korleis me har det her.

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda

På Hiimsmoen er det eit ope tun, her er ingen låste dører, ingen portar, ingen vakter som fotfølgjer dei unge. Her kjem dei for å fortene fridomen, her kan dei gå fritt så lenge dei respekterer reglane om å vere rusfrie og om å delta. Her er rom for alle hobbyar og interesser, ikkje alle vel eit passivt opphald. På kjøkkenveggen heng koppane, ein kopp til kvar, både ungdommar og vaksne. Alle med namn på.
Det runde bordet står sentralt midt i kjøkkenet.

– Mykje har skjedd rundt det runde bordet, seier Mads og ler. Fellesskapen er viktig. Alle skal bli sett.

Guten på skaterampen
Odd – Arne Strand står inne på kjøkkenet, den utdanna industriarbeidaren frå Nord-Noreg står med kjøkkenhandkleet over skuldra. Han har vore her i 24 år og sett det meste. Framleis blir han motivert av resultata han ser hjå ungdommane, og meiner han sjølv har lært mykje og utvikla seg som menneske i kontakt med stadig nye ungdommar.

– Dei vaksne her har veldig varierte bakgrunnar, mi rolle her er som «vaktmeisteren», men det er viktig at me er ulike, alle har noko å bidra med i forhold til ungdommane, seier Odd-Arne medan han diskuterer korleis ein skal få den nye skate-rampen ferdig på den beste måten.

LES OGSÅ: Psykologar får ikkje sjukemelde

Guten på skaterampen er Daniel (16) frå Bergen, han kom til Hiimsmoen sist sommar, etter fleire år med rusproblem. Etter den tid har han vore rusfri, og er stolt over det. Han har berre lovord å kome med om Hiimsmoen: han vil ikkje attende til det gamle miljøet sjølv om han av og til saknar heimbyen.

– Dette er ein god plass for dei som treng det, for dei som er sterkt rusavhengige, seier ungguten.

Han tar fart, og sikter over rampen. Står fjellstøtt i landingane, han er knallgod seier dei som står rundt. Dei har sett det før. At unge med store talent kjem til Hiimsmoen – der er det rom for å dyrke både talent og interesser. Målet er at ungdommane er her i fire år, fire viktige år. Og mange av ungdommane har tett kontakt med moen, også etter at dei flyttar ut.

– Dei som er rusfrie fungerer også som førebilete for dei som bur her no, slår Mads fast.

LES OGSÅ: Fangar ikkje opp skilsmissebarn

I kafeen Fargeriet får ungdommane prøve seg i arbeidslivet på like vilkår som ungdommar frå bygda. Hiimsmoen eig også husvære tilgjengeleg i gata på Sand og i Stavanger, der ungdommane kan bu når dei er meir sjølvstendige og klare til å ta eit skritt ut mot resten av verda.

Heimen på Hiimsmoen er koseleg med sofakrok i stova, bilete og teikningar på veggene laga av ungdommane. Oppe i 2.etasje heng rammer med bilete frå innkjøringsleirane. Ei ramme frå kvart år, 30 rammer med minner om vennskap, aktiviteter og sterke opplevingar. Gutane ute på tunet fortel om sterke vennskapsband, om krevjande oppvekst og om livet på Hiimsmoen.

– Det er trygt her, seier Hans Reidar (17).

Odd Harald (18) nikkar og er samd i det. Han set pris på dei faste rammene livet på moen gir.

– Det gjer meg ingenting med faste rutinar, det er berre bra. Og det er bra at me ligg såpass langt vekke frå byen og freistingane som er der.

LES OGSÅ: Nordmenn lever 31 år lengre

Begge to legg vekt på at det tar tid å bli rusfri, det er ikkje gjort på ein dag å finne seg sjølv. Her er dei samla om det same målet og ser på resten av ungdommane som ein enkel gjeng å kome inn i.

– Det går mange dagar der eg ikkje tenkjer på rus eingong, seier Hans Reidar, medan Daniel skyt inn:

– Me rusar oss på livet i staden for.

– Kva er grunnen til at ein byrjar å ruse seg trur de?

– Mange er nysgjerrige på det, eller har familieproblem. Mange blir også mobba og ser på dette som ei trøst, seier Odd Harald som drøymer om å utdanne seg til børsemakar.

– Mange av oss er redde for å hamne tilbake i det gamle miljøet, det vil me ikkje, slår han fast.


Odd-Arne Strand har vore her i 24 år. Han har sett det meste. Foto: Fotograf Nordtveit

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land