Røyndom i biografiske filmar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Berre basert på historia

Ein biografisk film er ein film som er basert på livet til ein historisk person. Filmane i denne sjangeren er som oftast ikkje hundre prosent historisk korrekt, for ingen veit akkurat kva som vart sagt og gjort i enkelte hendingar og situasjonar, men likevel er desse filmane svært populære. Dersom ein ser på årets Academy Awards kan fleire av dei nominerte filmane bli definert som ein biografisk film, eller biopic som dei også blir kalla.  Her finn vi mellom anna American Sniper  og The Theory of Everything. 

Historia om helten
Dei biografiske filmane fortel ofte historier om kjente personar og deira kamp for ei betre verd. Hovudpersonen er, som i mange andre filmar, helten som har redda oss alle. Sjå til dømes Morten Tyldums film, The Imitation Game (bildet), som tok Noreg med storm då den kom ut i desember. Filmen hadde åtte Oscar- nominasjonar og vann Oscar for beste tilrettelagte manus.

Kritikk på framstilling i Kon-Tiki
Det kan vere enkelt å setje biografiske filmar på lik linje med dokumentarfilm, men dette er to forskjellige sjangrar. I biografiske filmar har filmskapar kreativ fridom til å velje ut kva delar av historia som er interessante og kva delar som ikkje vil få plass i filmen.  Det blir òg teke i bruk fiksjon i den biografiske filmen for å skape drama og for å få ein fin flyt og heilskap. Som ein konsekvens av denne kreative fridommen vil ikkje alt i filmen stå i samsvar med røyndommen og det som eigentelg hendte.  Dette kan vi sjå i mange av filmane som er basert på ei sann historie. Ta til dømes Kon Tiki som viser Thor Heyerdals størte eventyr, men som har fått mykje kritikk for framstillinga av Herman Watzinger og endring av historia.  I eit intervju med Dagbladet sa Anders Baasmo Christiansen, som spelar Watzinger i filmen,  at ein ikkje kan ha eit slapt manus. Han presiserer vidare at det er nødvendig med slike grep for å oppretthalde spenning og for å gi god dramaturgi

Imponerande skodespel
Sjølv om ein veit at det ein får servert i filmen ikkje er hundre prosent sant, kan ein like vel bli oppslukt av filmen. Det at vi vert imponert av måten skodespelarane etterliknar kjente personar på, er kanskje ein av grunnane til suksessen til dei biografiske filmane.  Collin Firth (King’s Seech), Meryl Streep (The Iron Lady) og Eddie Redmayne (The Thory of Everything) har alle vunne Oscar for sine prestasjonar i biografiske filmar. Måten desse skodespelarane klarte å representere dei historiske personane er imponerande.