Rotevatn attvald

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstres 73. landsmøte attvalde laurdag Sveinung Rotevatn (25) frå Nordfjordeid som leiar. Med seg får han eit nytt sentralstyre som skal leia Unge Venstre inn i valåret.

– Unge Venstre er ein større og sterkare organisasjon enn på mange tiår. Den styrken skal me bruka til å vinna valet for Venstre neste år, seier Rotevatn.

I talen sin til landsmøtet framheva ungdomspartileiaren at Venstre har ei viktig rolle for å få i stand eit regjeringsskifte. Rotevatn blei tidligare i haust nominert på førsteplass på stortingslista til Sogn og Fjordane Venstre.

– Me vil skifta regjering, men er opptatt av at den nye regjeringa skal føra ein varm, grøn og liberal politikk. Det er berre Venstre som kan sikra eit slikt skifta, og berre Unge Venstre som kan sikra Venstre valsigeren, sa Rotevatn til landsmøtet.

I talen sin peika òg Rotevatn på at det er viktig av å kjempa mot auka tollmurar, for ein verdig rusomsorg og for ein meir human asylpolitikk. Landsmøtet til Unge Venstre har tidlegare i helga vedtatt uttallar om uavhengigheit for Tibet, nei til boklov og eit krafttak for meir fornybar energi.

Andreas Skjæret (22) frå Hamar blei vald som ny 1. nestleiar. Runar B. Mæland (23) frå Stord blei vald som ny 2. nestleiar.