Ronny omgåast valdtektsmenn dagleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 28.10.2018 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På jobb med valdtektsmenn

Artikkelen vart først publisert i Avisa Nordhordland

Ronny Framstad er høg og kraftig. Hovudet er skalla og i ansiktet har han fire-fem dagar gammalt gråbrunt skjegg. Uniforma er svart, og øvst på brystlom­ma står det «fengsel» i gule blokkbokstavar.

– Eg ser kanskje meir ut som ein innsett enn dei som faktisk er det, seier Ronny og ler, medan han ser bort på ein mann i 40-åra, som faktisk er innsett.

Mannen ler tilbake til Ronny, han synest spøken var god. Det er god stemning, og ein skulle nesten tru dei to var gamle kjente, som har ledd mykje saman opp gjennom åra.

LES OGSÅ: Mann sikta for å ha tatt nakenbilde av unge gutar

Himmelen ser ut som eit måleri, med nokre dramatiske, mørke skyer i kontrast til kvite, lette skyer kor sola bryt gjennom som ei lommelykt i eit mørkt rom. Den høge, ruvande be­tongmuren strekker seg rundt heile området. Den er umogleg å ikkje legga merke til. Muren er synleg frå kvar ein vinkel. Ingen tvil om kor vi er.

Det er mandag, og ein heilt vanleg dag i Bergen Fengsel.

Fengselsbetjent Ronny, som bur på Leknes, har jobba innanfor desse murane i 17 år. Kvar dag må han ringa på ei klokke på utsida av muren, gi opp kven han er, bli låst inn første dør, for så å verta låst inn endå ei dør. Først då er han inne, klar til å ta fatt på ein ny arbeidsdag.

Sikkerheita i Norge sitt nest største fengsel er viktig. Ingenting vert overlate til tilfeldigheita, her kontrollerast alt. Dei besøkande må visa legitimasjon, og legga att mobiltelefonen i eit grått blikkskap.

Det som skjer innanfor muren, blir innanfor muren.

LES OGSÅ: Rocketerapien

Ronny jobbar på avdeling M. Der sonar til saman tretti innsette. Femten av dei er sedligheitsdømde, mange av dei valdtektsforbrytarar. Nokre har for­gripe seg på barn eller vaksne, andre har lasta ned barneporno.

– Eg fordømmer handlinga dei har gjort, men aldri personen. Det kan eg ikkje gjera. Målet mitt er å behandla alle med respekt, uansett kva dei sit inne for. Som fengselsbetjent skal eg sørga for at alle føler seg trygge, både dei innsette og dei tilsette.

LES OGSÅ: – Alvorleg auke i vald og narko


Monica Raftevoll, Ronny Framstad, Trond Ueland, Anne-Lisbeth Steffensen og Britt Hege Fjellstad på pauserommet i lunsjpausen.Foto: Irene Bratteng Jenssen

I øvste etasje på avdeling M er det mange møterom. Her jobbar ikkje berre fengselsbetjentar, men også psykologar og anna fagpersonell, som har jamlege samtaler og terapitimar med fangane.

Ronny sit avslappa, halvvegs tilbakelent på ein stol på eit av kontora. Her plei­er han å leia «openheitsgruppa» ein gong i veka. Dei snakkar mellom anna om endring, respekt og sjølvrefleksjon.

M står for motivasjon. Dei innsette har ansvar for eiga end­ring, og er dei ikkje motiverte for å gjera ei endring i livet sitt, får dei ikkje sona straffa si her, då må dei på ei anna avdeling, som er meir restriktiv.

– Eg føler er gjer noko viktig. Som feng­sels­be­tjent mø­ter ein per­son­ar som sam­fun­net ikkje vil ha noko av. Eg er likevel opp­tatt av å ikkje misbruka makta mi. Eg ønskjer å vera rettferdig og eit godt forbilde. Eg skal trass alt representera samfunnet på best mogleg måte.

Nøkkelknippa som heng frå beltet lager lyd når Ronny reiser seg frå stolen. Han fiskar opp ein snusboks frå lomma, og skyv ein pris inn under leppa.

LES OGSÅ: I grenselandet

– Mange av dei som er her er ikkje noko annleis enn andre, bortsett frå grunnen til at dei sit inne. Mange av dei er vanlege gutar med sunne interesser. Nokon er høgt utdanna og har lest mange fleire bøker enn meg, og sit difor på meir kunnskap enn eg gjer. Sjølv om dei openbert har gjort noko gale, ser eg ikkje ned på dei. Eg behandlar dei skikkeleg.

– Men er ikkje det vanskeleg? Å vera hyggeleg mot ein som har valdtatt eit barn?

Ronny stoppar opp eit halv sekund. Rettar seg opp.

– Nei. Ein kan ikkje tenka sånn. Eg vil gje dei trygge rammer. Ein dag skal dei ut igjen, og kva er då best? At dei har sete innelåst på ei celle, vorte behandla dårleg og ikkje vore i kontakt med nokon, eller blitt behandla med respekt, blitt inkludert og fått ei gradvis tilnærming til samfunnet?

Det er noko å tenka på, meiner Ronny.

LES OGSÅ: – Dei kriminelle var meir profesjonelle før

Men den er ikkje alltid like lett, jobben i fengselet. Som betjent skal ein takla mykje. Ronny må vera bestemt, korrigera, setta grenser og takla mange ulike personlegheiter, samtidig som han skal vera ein skulder å gråta på.

– Det er det eg synest er det vanskelegaste. Det å sjonglera mellom å vera streng og bestemt, og å vera ein person dei kan snakka med. Klart det er skremmande å komma inn her for første gong. Å vera ein ung gut på 18–19 år, og møta opp i fengsel heilt åleine er nok ikkje lett. Mange av dei som sit her har ikkje nær familie. For mange er eg deira næraste pårørande. Deira berebjelke i livet.

Ronny har opplevd å måtta slost med farlege, rusa og utagerande fangar. Han har og låst seg inn i celler på morgonar, og funne menneske som har tatt livet sitt. Med sine 17 år bak muren, har han opplevd mykje. Han har også vore redd.

– Viss ikkje blodet pumpar og ein kjenner ein slags redsel i slike situasjonar, trur eg ein gjer ein dårleg jobb. Det trur eg faktisk ikkje er sunt. Det er berre bra å vera engsteleg i slike situasjonar.

Ronny rettar på beltet, og går bortover gangen med bestemte, men ikkje alt for autoritære skritt. Han smiler til fangane han møter på vegen. Klappar dei på skuldra og spør korleis det går. Han er godt likt, det skin gjennom etter berre nokre meter med vandring på avdeling M.

– Hei, korleis gjekk det med Manchester i førre kamp, då? er det ein som roper med ein fleipande undertone.

Mannen som spør er tynn og hengslete. Han manglar tenner i munnen og ser difor eldre ut enn han kanskje er.

– Tja, og korleis gjekk det med Chelsea? svarer Ronny, med eit breitt smil.

LES OGSÅ: Overgrepssikta far lauslatt

Dei to stoppar opp, pratar litt om fotball. Korleis det går i Premier League. Samtalen vert fort meir personleg. Den innsette fortel Ronny om helseplanane sine, at han ikkje har det så bra for tida. Ronny klappar han på skuldra, seier han håper det ordnar seg.

– Ein vert godt kjend med dei som sit her inne. Eg har i sju år mottatt julekort frå ein tidlegare innsett. Med bilde av han og resten av familien, med nokre ord med ønske om ei god jul. Når fangar er ferdige med soninga si, finn eg ofte brev på cella dei har lagt igjen til meg, kor dei takkar for seg, og for at eg har hjelpt dei. Det synest eg er flott, og gir meg ei god kjensle. Det viser at eg truleg har gjort ein forskjell, og det er godt å vita. Det er jo difor eg er her.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen

Ingen dag er lik i Bergen fengsel. Ein veit aldri kva som skal skje, eller korleis dagen utartar seg. Men ein ting er sikkert, og det er at Ronny gjer sitt yttarste for at dei som sit her inne skal sleppast ut med eit betre utgangspunkt enn då dei kom.

Himmelen har forandra seg, no skin ikkje sola lenger som ei lommelykt gjennom skydekket, men som ein lyskastar. Avdeling M vert lyst opp. Utanfor står Ronny, han som gjer ein jobb dei utanfor murane ikkje ser noko til. Men den er likevel minst like viktig.

LES OGSÅ: «Linn» meldte overgrep til politiet, men dei gløymte å ransaka