Ronja (2) veks opp med to mammaer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i bladet Sunnhordland. 

I eit kvitt hus på Valen i Kvinnherad, blant grøne tre og med utsikt mot sjøen, bur det ein liten familie på tre. Mamma Monica, mamma Renate og jenta deira, Ronja, på snart tre år.

For nokre år sidan bestemte det lesbiske paret seg for at dei ville ha barn. Løysinga blei at Renate bar fram Ronja ved hjelp av ein donor. Sjølv om det heile vegen har vore naturleg for dei sjølve, innrømmer dei at det kjem fleire spørsmål og kommentarar frå folk utanfrå.

– Eg snakka med ei av dei tilsette som jobbar i barnehagen i dag. Ho sa at det var fleire barn som lurte på kvifor Ronja har to mammaer, fortel Monica Haugs Madsgård (35), medan me er på besøk i stova deira.

Ho seier at dei vaksne svarer som sant er, at nokon har to mammaer, slik som Ronja, medan andre barn har både ei mamma og ein pappa.

Sanninga som blir fortalt er ei sanning med modifikasjonar, når ein går djupare inn i problemstillinga. Og det er ikkje noko dei to mammaene kjem til å halda skjult for den vesle jenta.

LES OGSÅ: – Donorbarn skal ha rett til å vite

Prosessen
Monica og Renate Haugs Madsgård gifta seg hos byfogden i Bergen i 2008, like før likekjønna ekteskap blei lovleg i Norge. Eit par år etterpå starta prosessen rundt det å få barn.

– Eg hadde vore klar for å få barn lenge. Mor mi seier at dersom ting hadde vore tilrettelagt for meg, så hadde eg hatt alle barna mine før eg var 30 år. Eg har alltid passa masse ungar, og vore glad i barn, fortel Renate Haugs Madsgård (33).

Det første dei måtte gjera, var å kontakta fastlegen deira. Så blei dei sende vidare til Haugesund sjukehus.

– Me måtte svara på ein del spørsmål, og så blei me på ein måte godkjende som foreldre, forklarer Renate.

Neste skritt var å surfa på internett, i eit hav av ulike donorar som kunne vera aktuelle. Dei fekk anbefalt European Sperm Bank.

– Du brukar ei handlekorg, nett som på IKEA, seier Renate, og smiler.

– Me flirte litt av det. Hos nokre donorar kan du få kjøpa bilete og lydfiler òg, men det gjekk ikkje an hos han me valte, seier Renate.

På nettsida kan du kryssa av for om du ynskjer genar frå ein donor som har blå, brun eller grøn augnefarge, har lyst eller mørkt hår eller er lang eller kort på strømpelesten. Du får òg informasjon vekt, blodtype, mennesketype og utdanning.

– Me prøvde å finna nokon som var mest mogeleg lik på oss. Me valte mørkt hår, og me tok blå auge sidan Monica har blå auge. Og så var det positivt at han var kreativ, med musikarbakgrunn, sidan eg er musikalsk, fortel Renate.

Tilfeldigvis var han 196 centimeter høg.


Ei av favorittleikene til Ronja (2 år) er hunden «voffe». Her med mamma, Monica Haugs Madsgård. Foto: Marius Knutsen

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa

Naturleg avgjerd
– Rett som det er seier Ronja at ho har to mammaer. Det er mamma og mamma Monica. Det er ho veldig tydeleg på, seier Renate.

Den gongen Ronja kom til, var det Renate som var mest ivrig på å gå gravid. Slik blei det òg naturleg at det var ho som skulle bæra fram barnet. I 2012 kom den vesle jenta deira til verda.

– Det var ganske tydeleg at eg skulle gå gravid, heldigvis. Eg hadde eit brennande ønske om å gjera det, fordi eg hadde hatt lyst på barn i så mange år, seier Renate.

Monica nikkar samtykkjande. Ho hadde ikkje noko innvendingar den gongen, men fortel at det var fleire rundt henne som kom kommenterte situasjonen.

– Det var nokon som sa at me burde gå gravide samstundes. At me måtte ha kvart vårt barn liksom, fortel Monica.

Ho tykte det kunne vera sårande å høyra slike kommentarar.

– Det å få barn som eit lesbisk par, er ikkje det same som at to venninner flyttar saman og får kvar sin baby, seier Renate.

Monica adopterte Ronja automatisk då jenta deira kom til verda.

– Det er slik reglane er. Det heiter medmor, seier Monica.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet 

Nestemann
Paret har tenkt tanken på å få fleire.

– Ronja snakkar jo om baby. Dei som er på hennar alder i barnehagen får gjerne eit søsken, fortel Renate.

– Men no er me ikkje så samde og kven som skal bæra barnet fram, seier Monica.

– Nei, no er me ikkje så samde, seier Renate.

Monica har sjølv lyst å bæra fram barnet denne gongen, og akkurat den biten har ikkje vore så enkel for Renate.

– Eg har hatt ein lang prosess med det. Dette var jo noko eg skulle gjera, tenkte eg. For min del blir dette det same som at ei dame og ein mann skulle byta på å vera gravide.

LES OGSÅ: Homofile får dårlegare løn 


Ronja er ei bestemt lita frøken, men smilet er aldri langt unna. Ho likar seg godt i selskap med leikene sine. Foto: Marius Knutsen 

Når Ronja er myndig
For nokre år sidan blei det bestemt at norske donorbarn skal ha rett til å få opplysningar om kven den biologiske faren deira er, når barnet fyller 18 år.

– Sidan eg sjølv ikkje veit kven den biologiske faren min er, så håpar eg at Ronja vil vita kven donoren sin er, seier Renate.

Men dei håpar at jenta deira ikkje skal føla eit sakn etter ein far i livet hennar.

– Me kjem til å oppdra henne som at ho har ein donor, og ikkje ein far. Og at når ho fyller 18 år, så har ho høve til å oppsøkja donoren sin, seier Monica.

For det er hennar val om ho vil oppsøkja donoren når ho er 18.

– Det har ho rett på, så det får ho bestemma sjølv. Redselen min går ikkje på om ho vil oppsøkja han eller å finna ut kven han er, men meir på om ho vil bli kjend med han, og at han ikkje vil det. Ein donorfar har ikkje som mål å vera far.

Ho trur at god kommunikasjon rundt dette temaet vil hjelpa.

– Det viktigaste er at ho får kjærleik. Om det er frå to mammaer, eller frå ei mamma og ein pappa, det er det same.

Tankane deira rundt donoren er noko dei har brukt mykje tid å forklara til resten av familien.

– Eg tykkjer det er sårande viss folk ikkje forstår at Ronja ikkje har ein pappa. Me legg ikkje opp til at det skal vera tre personar som skal oppdra henne når ho er 18 år, seier Renate.

Men det hadde vore veldig spennande å sett eit bilete, meiner ho.


Monica og Renate meiner to mødre kan vere like bra som ein mor og ein far, eller to fedre. Foto: Marius Knutsen

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open 

Kommentarar utanfrå
Paret er ikkje så redd for at Ronja skal bli mobba på skulen, sjølv om dei i første utkast lev eit liv litt utanom A4-boksen.

– I dag er det mykje førebygging mot mobbing i skulen og barnehagen. Lærarane er tidleg ute med å fortelja at det ikkje alltid finst ei mamma og ein pappa, men at det kan vera barn som vekst opp med to mammaer eller to pappaer, hevdar Renate.

– Kva seier de til personar som meiner at alle barn skal ha ei mor og ein far?

– Eg er dårleg til å tenkja at det får bli deira sak, for eg er ein person som let ting gå innpå meg. Men eg har eit heilt klart svar på det. Eg meiner at to mammaer kan vera like gode så ei mor og ein far, eller to fedrar, seier Renate.

Ho meiner at dei trass alt har vore gjennom ein prosess, der utanforståande personar har vurdert dei som gode nok til å vera foreldre.

– Etter ei slik forklaring kan det henda at nokon mildnar litt, medan andre framleis står på sitt. Då får dét vera deira syn, medan eg har mitt syn. Så får diskusjonen stoppa der.

Kreative forslag
Både Renate og Monica har opplevd å få forslag frå perifere personar i forhold til det å få barn.

– Me har fått forslag om å ta kontakt med to brør, slik at barna får litt av dei same genane. Eg har òg fått høyra at eg burde gå på fest «å ha meg med nokon», sidan dette med donor er litt dyrt. Men det er ikkje slik eg er. Eg vil ikkje fortelja dotter mi at ho kom til verda på ein så lite sjarmerande måte, seier Renate.

– Klarer de å le dei litt vekk?

– Det kjem an på kven som seier det, og korleis det blir lagt fram, seier Monica, og får ei samtykkjande nikk frå kona si.

Faktaboks

· Lov om bioteknologi regulerer assistert befruktning.

· For å ha rett på assistert befruktning i Norge må ein vera gift eller sambuande, behandling av einslege kvinner er ikkje lov.

· Lesbiske par har tilgang til behandling ved bruk av donorsæd etter lovendringa som trådde i kraft 1. januar 2009.

· Surrogati er ikkje lov i Norge.

Kjelde: Store Norske Leksikon