Røe Isaksen vil halvere talet på høgskular i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil tvinga saman høgskular

Åtte universitet og tjue statlege høgskular har fått i oppgåve å vurdere fusjon med andre utdanningsinstitusjonar. Dei har fått frist til 1. februar på å foreslå kven dei vil slå seg saman med, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: Blir det Vestlands-universitet likevel?

På ein konferanse i Oslo tidlegare denne veka understreka ministeren at han er villig til å bruke tvang for å få gjennomført fusjonar.

– Vi har sagt at eigar av institusjonane er Kunnskapsdepartementet, og eg er ikkje uvillig til å gjere vedtak om strukturendringar dersom det trengst, sa Røe Isaksen.

Ein gjennomgang Klassekampen har gjort av dei alternative fusjonsplanane viser at resultatet av reforma kan bli ni universitet og at talet på statlege høgskular blir redusert frå tjue til åtte.

LES OGSÅ: Vil stå åleine – kan bli tvangsfusjon

– Dette har blitt eit NM i fusjon, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk studentorganisasjon. Han meiner at kvalitetskrava som er sett ikkje er tydelege nok, og fryktar at prosessen no er eit spørsmål om kven som skal slå seg saman med kven, og ikkje eit spørsmål om korleis kvaliteten skal bli betre.

Forskarforbundet, som organiserer ein tredel av dei tilsette i universitets- og høgskulesektoren, meiner kunnskapsministeren er for oppteken av storleik framfor kvalitet. (©NPK)

LES OGSÅ: – NTNU avgjer høgskulesamanslåing