Robotar som styrer Twitter

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Robotar styrer Twitter

– Kort fortalt er det to ulike typar Twitter-bots. Ei gruppe vert nytta i politiske nettverk og i debatt, mens den andre gruppa handlar om å gi objekt ei stemme, fortel Jørn Knutsen, førsteamanuensis ved Arktiektur- og designhøgskolen i Oslo.

Knutsen forskar på interaksjonsdesign, samspelet mellom menneske om maskiner. 

Menneskelege eigenskapar
– Målet med mange av dei trivelege botane er å gi ei stemme til ein ting som vi vanlegvis ikkje høyrer frå, seier Knutsen (biletet).

For å få dette til låner Twitter-bots frå ein teknikk som ofte vert nytta i bøker og film, der objekt som ikkje er menneske får menneskelege eigenskapar. Dette, kalla antropomorfisme, ser vi att i eksempla «sola smiler» og «datamaskina kranglar» og i eventyr om raudhette som snakkar med ulven, eller i animasjonsfilm om insekt, fisk eller fuglar som oppfører som om dei var små folk.

– Mange av Twitter-botane er forsøk på å gjere data tilgjengeleg for folk flest.

Ein av dei første Twitter-botane var den no avlsutta Tower Bridge (@twrbrdg_itself), ein konto som gav automatiske oppdateringar on brua var open og kva for båt som passerte under. Eg-stemma til den maskindrivne twitter-kontoen var ikkje eit menneske, men kom frå linjer av kode. Likevel kan ein enkelt sjå føre seg at det er brua sjølv som fortel om kvardagane sine.  

 

Twitter bots med skjulte motiv?
Knutsen påpeikar at datamaskiner på Twitter også kan ha utfordrande og problematiske sider.

– Twitter-bots er også både sosialt og politisk betent.

Ved å analysere sosiale media under tv-debattane mellom Clinton og Trump i den amerikanske valkampen fann forskarar at ein av fire tweets vart skrive av ein bot. Heile ein av tre tweets som var positive til Trump under den første debatten, var skrive av ein bot.

– Det er uklart kven som står bak, kva som er motiva deira, og korleis det kan ha påverka valkampen som heilskap, seier Knutsen.

Han påpeikar at Twitter-bots er problematiske fordi dei har potensiale til å endre opinionen. Bots kan spreie falske nyheiter og endre kva som får høgast prioritet av trendar og nyheiter.

LES OGSÅ: Torjus (24) er ein kyborg

3 millionar lukka kontoar
Eit anna eksempel på dette er analytikarane i SadBotTrue som har oppdaga 3 millionar Twitter-bots bak lukka profilar. Alle kontoane i det lukka nettverket vart oppretta 17.april 2014. Den første av dei, @sfa_2000000000 vert følgt av alle dei andre botane, men det er ingen utanfor den lukka gruppa som får sjå kva dei har tvitra mellom seg.

– Det er potensiale for at slike lukka nettverk av Twitter-bots kan påverke kva som er trendane for emneknaggar (#), og korleis vi vanlege brukarar vert presentert for det som er viktig på Twitter, seier Knutsen.

Styrer debatten
At kunstig intelligens påverkar informasjonsflyten vår er ikkje avgrensa til Twitter-bots.

– Facebook og Twitter er eigentleg gigantiske kunstige intelligensar. Dei vel ut, sorterer og prioriterer innhald for oss, seier forskaren.

Den offentlege samtalen skjer stadig oftare i sosiale medium, og algoritmar som påverkar dette økosystemet vil også endre føresetnadene for kven som får delta, korleis dei ulike sidene vert høyrt, og kva som opptek folk.

– Det vert ein runddans mellom politikarar og journalistar, der sakene til slutt berre handlar om aktiviteten i sosiale medium. Det som er populært på internett, og ikkje det som er fakta, påverkar det dei tradisjonelle mediane skriv om.

Les om kunstige intelligensar som har lært å kryptere informasjon mellom seg

Også i Noreg
Fleire har spekulert i at falske nyheiter og Twitter-bots vil kunne påverke den norske valkampen fram mot stortingsvalet neste år. Knutsen er ikkje bekymra, men trur likevel at potensialet finst.

– Sidan den norske Twitter-sfæren er såpass liten, vil det isåfall vere enklare å gjennomskue, seier han.

Men sjølv om det politiske Noreg er nokså lite, gjer ikkje det at gråsonene mellom menneske og maskin vert enklare å forstå, fortel Knutsen.

Like som oss
Han trur at folk flest ikkje er bevisste på at kunstig intelligens observerer kva vi gjer på internett og sorterer informasjonen vi får sjå. At algoritmane vert meir sofistikerte gjer også at det vert vanskeleg å skilje menneske frå maskin.

– No har robotane personlegdom. Dei legg seg til å sove om natta og vekslar mellom å bruke mobil og PC.

Kjeldekritikk og medvit er to av tinga Knutsen trekk fram for å ikkje verte lurt av kunstig intelligens.

– Vi må anta at vi alltid er ein del av eit samspel med robotar.

Kunstig intelligens til hjelp
Ei vidareutvikling av Twitter-bots er det som vert kalla «chatbots», altså kunstig intelligens som utfører samtalar med deg.

 DialogSiriiPhone
Kvinnestemma Siri på ein iPhone er eit døme på ein chatbot. (Det er vanskeleg for Siri å uttale Åsmund, så ho trur i staden at eg heiter Awesome.)

– Chatbots vert rekna å vere det neste viktige mellomleddet mellom menneske og digital informasjon og tenester, skriv Petter Bae Brandtzæg i ein epost til Framtida.no.

Brandtzæg er seniorforskar ved SINTEF, og forskar på korleis folk brukar sosiale medium. Han er leiar for eit nytt forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd, kalla SOCIAL HEALTH BOTS.

– Vi ønsker å undersøke korleis chatbots kan fungere som eit mellomledd mellom unge menneske og helsetenesta, forklarar han.

Helsehjelp gjennom robotar
Målet er at kunstig intelligente samtalepartnarar skal fungere som eit lågterskel tilbod til unge som søker helsehjelp via internett.

– Kunstig intelligens vil på mange måter vere innvevd i framtidas sosiale media, og chatbots vil ta over for dagens mobilapplikasjonar, seier han.

Også forskarane hos Twitter og Facebook er opptekne av kunstig intelligens. I prosjektet DeepText utviklar forskarane kunstig intelligente system som skal kjenne att ord og setningar. Google sitt selskap DeepMind arbeider med liknande prosessar for å gjere maskiner i stand til å lære og utvikle seg og delta i samtalar.

Stor utvikling
Knutsen trur at mykje vil skje i åra framover. Han beskriv dagens kunstig intelligens for eit evolusjonært spedbarn.

– Vi er inne i periode der kunstig intelligens utviklar seg i alle retningar. Noko kjem til å falle frå, og noko vert verande att.

Sjølv om dei kunstige intelligensane ikkje alltid er ute etter å lure oss, er Knutsen likevel litt bekymra for konsekvensane av at maskiner vert ein integrert del av sosiale medium.

– Vi blir kanskje ikkje lurt, men vi blir styrt, avsluttar han. 

LES OGSÅ: Sjølvstyrande bilar – kven er verd mest: passasjerane eller fotgjengarane?