Riksrevisjonen: Yrkesfaga sviktar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 inngjekk styresmaktene og partane i arbeidslivet samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Eit viktig mål var å auke talet på nye læreplassar med 20 prosent innan 2015.

Talet på søkjarar til læreplassane har auka, medan auken i aktuelle lærlingstillingar berre har vore på 8 prosent. Prosentdelen søkjarar som får læreplass, er dermed redusert til 68 prosent.

– Over 30 prosent av alle søkjarar fekk ikkje læreplass i Noreg i 2015, heiter det i rapporten frå Riksrevisjonen som vart lagt fram tysdag.

LES OGSÅ: Noreg hentar på yrkesfag

– Må vera meir aktive
Dei aller fleste lærlingane får opplæring i privat sektor, der rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda i stor grad avgjer kor mange lærlingar som blir tekne inn.

Riksrevisjonens undersøking viser at det arbeidet fylkeskommunane gjer med å rekruttere nye lærebedrifter og skaffe fleire læreplassar, kan bli meir aktivt og systematisk enn det er i dag.

Eit klart fleirtal av kommunane og halvparten av bedriftene melder at auka lærlingtilskot sannsynlegvis ville medverka til auka inntak av lærlingar. Mange private bedrifter svarar òg at meir informasjon frå fylkeskommunane og meir praktisk rettleiing kunne medverka til fleire læreplassar hos dei.  

– Dette indikerer at meir aktiv bruk av ulike verkemiddel frå styresmaktene kan medverke til å auke talet på læreplassar og lærebedrifter, seier riksrevisor Per-Kristian Foss (bildet) i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Elevar på yrkesfag får dårlegast klasserom

Ledige plassar
Det finst ledige læreplassar i fleire fylke og fag, samtidig som mange søkjarar ikkje får læreplass. Ei viktig årsak til dette er at mange fylkeskommunar, legg meir vekt på ønska til elevane enn på rekrutteringsbehovet i arbeidslivet når dei planlegg talet på skuleplassar. Ei følgje av denne praksisen, som er i strid med føringane i opplæringslova, er at mange elevar får opplæring i fag der det ikkje vil vere nok læreplassar.

For lite arbeidspraksis undervegs i skuleopplæringa, manglar ved det tekniske utstyret elevane nyttar i skulane, og for lite systematisk oppfølging av fagleg svake elevar, er andre årsakar til at mange ikkje får læreplass.

Stortinget har tidlegare løfta fram at offentlege verksemder bør gå føre ved sjølv å ta inn lærlingar, men mange statlege verksemder har for lite kunnskap om lærlingordninga.   

I 2015 blei det teke inn om lag 1250 lærlingar i staten, noko Per-Kristian Foss meiner er for lite. 

– Staten bør kunne ta inn fleire lærlingar enn i dag, slår riksrevisoren fast.

LES OGSÅ: For smart til å gå på yrkesfag?

Tabellar: Riksrevisjonen

Faktaboks

Funn i rapporten:

► Nær 9100 søkjarar fekk ikkje læreplass i 2015.
► Sidan 2011 er prosentdelen som får læreplass redusert frå 71 til 68.
► Opplæringstilbodet og formidlinga av søkjarar er ikkje tilstrekkeleg tilpassa behovet for arbeidskraft.
► Forhold ved opplæringa i vidaregåande skule medverkar til at mange søkjarar ikkje får læreplass.
► Ein del søkjarar blir ikkje opplevde som kvalifiserte nok, blant anna på grunn av for lite praksisorientert opplæring og utdatert teknisk utstyr på skulane.
► Lite kunnskap om bruk og verknad av lærekandidatordninga.
► Mange statlege verksemder synest å ha lite kunnskap om lærlingordninga.
► Rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda er den viktigaste hindringa for å auke talet på læreplassar.
► I mange fylke blir det ikkje drive eit tilstrekkeleg aktivt og systematisk arbeid for å rekruttere nye lærebedrifter.