Retten til liv

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg klamrar meg til den kalde stålstanga. Kvar gong vogna kvin inn på ein stasjon, strammar eg grepet i eit engsteleg forsøk på ikkje å bli dregen bort frå utgangen. Undergrunnen i Beijing er pakka med menneske. Musikk strøymer frå klanglause høgtalarar. I min klamme kamp om plassen, merkar eg ikkje at den nasale songen kjem nærare.

Ei svak rørsle i folkemengda dreg merksemda mi mot golvet. Blikket stoggar. Med andletet nokre centimeter over golvet rullar ein kropp sakte forbi føtene mine. I bukselinninga sit ein kassettspelar. Nokre passasjerar stikk sedlar pryda med Mao sitt andlete i hermetikkboksen kroppen skyv framføre seg. Der føtene skulle ha vore, er buksene knytt saman.

Ein vond sirkel
Kinesiske myndigheiter fokuserer meir på funksjonshemma sine rettar enn nokon gong. Myndigheitene har kalla utviklinga bemerkelsesverdig. Kritikarane kallar satsinga eit spel.

LES OGSÅ: Under beltestaden på kinesarane

I Kina aukar skilnadene mellom fattig og rik. Dei fattigaste lev på landsbygda. Dei aller fattigaste er ofte funksjonshemma.

83 millionar kinesarar har ei funksjonshemming. Av desse bur sju av ti på landsbygda. Nokre kjelder reknar dessutan at nesten halvparten, fire av ti, av alle fattige i byane er funksjonshemma.

– Fattigdom leier til funksjonshemming og funksjonshemming leier til fattigdom, skriv Gry Sagli og Heidi Fjeld, i artikkelen ”Disability, poverty and healthcare: changes in the canji (`disability´) policies in the history of the People´s Republic of China” (2011). Dei kallar det ”den vonde sirkelen”. 

LES OGSÅ: Kina gjev deg jula

 

Den blinde massøren

– Gjer det vondt, spør Liu Ya Dong med mild stemme.

Han får eit lakenkvalt grynt til svar. På eit lite massasjeinstitutt i Ningxia-provinsen sit 20-åringen bøygd over ein middelaldrande mann på ei feltseng. Med olbogen lagar han rolege sirklar mot mannen sin rygg. Innimellom fiskar han utolmodig fram mobiltelefonen, trykker på ein tast og legg den mot øyret. Ei elektronisk kvinnerøyst fortel han kor mange minuttar som er gått. Den unge massøren sine mandelforma auge flakkar rundt i rommet medan han arbeider med kunden sine skuldrer.

Liu navigerer med hender og høyrsel. Han vart fødd med ein augesjukdom som gjer han nesten blind. Som niåring fekk han plass på ein spesialskule og flytta frå familien. Etter skulen fekk han jobb på massasjesenteret, der han også bur. Massør er eit vanleg yrke for synshemma i Kina.

– Sjølvsagt skulle eg ønske eg hadde fleire moglegheiter, sier Liu.

LES OGSÅ: – Internett er Guds gåve til Kina

Han er ein roleg type. Beveger seg med langsame, litt prøvande skritt. Tenker seg om før kvar setning.

– Men situasjonen blir betre. Du kan ikkje samanlikne Kina med Noreg, konkluderer han.

 

(artikkelen held fram under!)

Massøren: Liu Ya Dong (20) er synshemma og arbeider som massør i Ningxia-provinsen. Han meiner myndigheitene gjer meir for funksjonshemma enn før. Liu er likevel blant dei heldige. Èin av tre funksjonshemma i Kina får aldri skulegang og halvparten står utan jobb.

Framsteg
Liu Ya Dong har rett. Framtida kan sjå lysare ut. I 2008 ratifiserte Kina FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, noko Noreg ikkje gjer før juli neste år. Same år endra Kina si nasjonale lov mot diskriminering av personar med funksjonshemmingar. Nye avsnitt om økonomisk støtte, medisinsk hjelp og rehabilitering vart tekne med. Det stogga ikkje der.

I den tolvte femårsplanen, som vart godkjent i fjor, lova myndigheitene betre velferdsordningar. Eit eige program er utvikla for funksjonshemma og måla er ambisiøse. Eit mål er at alle med funksjonshemmingar skal få tilgang til grunnleggande helseforsikring. Andre mål er å skape éin million jobbar i byane og heve levestandarden for ti millionar fattige funksjonshemma på landsbygda. Mest ambisiøst er kanskje målet om å gje alle funksjonshemma tilgang til rehabiliteringstenester i laupet av fem år. Ifølgje lovverket har kinesiske funksjonshemma dei same rettane som sine landsmenn. Røynda er annleis.

LES OGSÅ: – Teiknar kvardagen i det ekstreme

Den vonde sirkelen
For å bryte den vonde sirkelen med fattigdom og funksjonshemming må fattige og funksjonshemma få betre tilgang til helsetenestene, meiner forskarane Sagli og Fjeld. 

– Ja, myndigheitene gjer meir for funksjonshemma enn tidlegare. Mykje gjenstår likevel, skriv Gry Sagli ved Seksjon for medisinsk antropologi ved Universitetet i Oslo (UiO) i ein epost. Ho har forska på fattigdom og funksjonshemma i Kina.

Ifølgje Sagli er eit av Kinas store, uløyste problem at helsetenestene er dyre og lite tilgjengelege. Majoriteten av kinesarane er medlemmar i landet sitt helseforsikringsprogram. Det delvis offentleg finansierte programmet dekkjer akutt sjukdom, men ikkje kroniske lidingar eller funksjonshemmingar. Dei fleste kinesarar dreg dermed aldri nytte av forsikringa. For dei fattigaste er dessutan eigenandelane for høge. 

– Slike forsikringar er sjeldan nok til å hindre at funksjonshemma vert fattige, skriv Sagli.

Etter at privatiseringa av helsesektoren på 80-tallet sende helseutgiftene i taket, er Kina sine helsetenester dessutan spesielt dyre. For mange fattige funksjonshemma er dermed behandling og rehabilitering ein fjern draum.

LES OGSÅ: Den månaden Kina gjekk i svart

Utdanning og arbeid
På nokre måtar er synshemma Liu Ya Dong heldig. Han har fått skulegang og han har jobb. I ein rapport laga for norske Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) reknar ein at kring tre av ti funksjonshemma i skulealder ikkje får skulegang i Kina. Kinesiske mediar oppgjev dessutan at halvparten av Kina sine funksjonshemma står utan arbeid. 

– Nøkkelen til å forbetre funksjonshemma sine liv er utdanning og arbeid, uttalte fungarende visepresident for China Disabled Persons Federation (CDPF), Wang Naikun, i 2010.

Myndigheitene seier dei vil sikre funksjonshemma i skulealder tolvårig gratis skulegang. Vegen er lang. Måla i den førre femårsplanen, om å sikre gruppa niårig skulegang er endå ikkje nådd. Wang understreka at arbeidet vil ta tid.

– Vi kan ikkje realisere likestillinga av funksjonshemma sine rettar over natta. For å verkeleg beskytte rettane til funksjonshemma i Kina må vi leggje ned langsiktig innsats, sa Wang i intervju med Global Times i fjor sommar.

LES OGSÅ: Vil hungra etter Kina-kunnskap

Lange fingrar
– Om myndigheitene investerer meir? Nei, heller mindre, seier ein lærar ved ein skule for blinde og døve elevar i Ningxia-provinsen. Med raske steg tek han oss inn i ein mørk fireetasjers betongbygning. Her ventar dei 170 døve og 30 blinde elevane på sin nye skulebygning, som skal stå klar innan eit par år. 

– Dei måtte bygge nye bygningar før dei gamle fall i hovudet på oss, hevdar læraren, som ikkje vil ha namnet sitt på trykk.

Trass i den nye skulebygningen dei er lova, er han ikkje vidare imponert over myndigheitene sin innsats. Han orsakar urinstanken med at vatnet og elektrisiteten ikkje fungerer denne dagen. Eimen er sterkare i andre etasje, der elevane sine sovesalar og toalett ligg. Den nye bygningen vil ha plass til fleire studentar.

– Investerer ikkje myndigheitene meir, då?

Læraren slår ut med armane.

– Myndigheitene i Beijing investerer meir, men mykje av midlane forsvinn i lommer på veg hit, meiner han.

Eit stykke unna i same by ligg eit nybygd senter for psykisk utviklingshemma. Rektor syner viljug fram den flunkande nye murbygningen. Ein klasse med elevar i ulike aldrar arbeider med handarbeid. I eit anna klasserom har elevane musikkundervisning.

Skulen har også eit eige datarom, der fire spesialutstyrte datamaskiner står klare til bruk. Her får elevane trening i å snakke og uttrykkje seg. Dei fleste romma står tomme, klare til å ta i mot fleire elevar. Somme av myndigheitene sine midlar kjem i alle fall forbi lange fingrar.

Uønska
Manglande utdanning, helsetilbod og arbeidsmoglegheiter er ikkje dei einaste hindringane for at kinesarar med funksjonshemmingar får ta del i landet si vekst. Somme hevdar at det vert arbeidd aktivt for å hindre at fleire som Liu Ya Dong skal bli fødd.

LES OGSÅ: Kina som komedie og tragedie

I 1995 kom ei ny lov som respons til den enorme folkeveksta i Kina. Blant dei mest omstridde artiklane i lova er dei som oppfordrar helsepersonell til å råde potensielle foreldre til sterilisering dersom dei har funksjonshemmingar. Først i 2003 gjekk myndigheitene vekk frå kravet om obligatorisk helsesjekk før ekteskap.

Ifølgje forskarne Gry Sagli og Heidi Fjeld ved UiO er svangerskapstestar som skal forhindre funksjonshemmingar vanlege i heile Kina. Abort og sterilisering er utbreidde metodar for ”å heve kvaliteten på befolkninga”. Dersom eit ektepar likevel skulle få eit funksjonshemma born, kan dei få unntak frå eittbarnspolitikken.

– Myndigheitene angriper utfordringane med behandling og rehabilitering på den eine sida og arvehygiene på den andre. Denne befolkningspolitikken har uunngåeleg styrka haldningar til funksjonshemminger som noko uønska, skriv Sagli og Fjeld.

LES OGSÅ: Blondt hår gav kinesisk operakarriere

– Eit spel
Myndighetene meiner metodane har få moralske implikasjonar. Ifølgje leiinga sin logikk vil alle få det betre dersom talet på personar med funksjonshemmingar går ned og utfordringane vert meir handterlege. Kritikarane roper varsku. Dei meiner lovverket opnar for ei sortering av menneske som strir mot grunnleggande menneskerettar.

– Observatørar spør seg om Kina si ratifisering av konvensjonen er genuin eller ei kynisk utøving av juridiske formalitetar for å lure det internasjonale samfunnet, skriv Carole J. Petersen fra Universitetet i Hawaii, som forskar på rettane til funksjonshemma under internasjonal lov. 

LES OGSÅ: Mao-effekten

I ein artikkel der ho diskuterer Kina si ratifisering av FN-konvensjon om rettane til funksjonshemma, stiller Petersen spørsmål ved kor dedikerte kinesiske myndigheiter i røynda er.

– Det verker som myndigheitene ønskjer å bli sett som leiande når det gjeld menneskerettar og trudde ei tidleg ratifisering av konvensjonen, utan reservasjonar med omsyn til familieplanlegging, ville promotere dette, skriv forskeren. 

Her kan du lese meir om rettane til personar med funksjonshemmingar!

Omstridd: Kinesiske myndigheiter har vorte kritiserte for å ville hindre at menneske med funksjonshemmingar blir fødde.