Respekt og takksemd til Ivar Aasen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, heldt tale ved Ivar Aasen-statuen i sentrum torsdag føremiddag. Dette er den offisielle opningsmarkeringa og starten på ei helg med eit rikhaldig program.

Fullstendig programoversikt finn du her.

Utdrag frå talen til Øvereng:

– Den 29. august 1842 får Ivar Aasen ei tillitserklæring i posten. Eit brev frå Vitskapsselskapet i Trondheim gir han det endelege svaret han har venta på i meir enn eitt år: ei stadfesting på at han dei neste to åra har ei sikker inntekt og det oppdraget han ønskjer. 150 spesidalar i året får han for å halde fram å undersøke og bearbeide dei norske dialektane leksikalsk og grammatisk.

– Aasen fekk stor tillit i fagmiljøet, men for at innsamlingane skulle bli vellykka, måtte han også vinne tillit hos dei som snaka språket. Dette var han svært medviten om. Aasen vann tillit i alle lag av samfunnet, og visste at det var nødvendig.

Ivar Aasen skreiv sjølv i «Om vort skriftsprog» i 1836:

«Vi treng aldri å søkje ut av landegrensene etter eit språk. Vi burde heller leite i våre eigne gøymsler og sjå etter kva vi sjølv eigde før vi tok til å låne av andre.»

– Lånet frå utlandet har ikkje blitt mindre i tida etter. Men gjennom Dei nynorske festspela skal vi vise oss tilliten verdig, og løfte fram det språket som er bygt på vårt eige. I respekt og takksemd til Ivar Aasen, helsa Gaute Øvereng.