Rekordvekst for ungdomsparti

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekord- vekst for ungdoms- parti

Unge Venstre opplevde ein medlemsauke på over 27 prosent i 2010. Det er rekord sidan oppryddinga i støttesystemet for politiske ungdomsorganisasjonar på midten av 1990-talet.

– Me har ikkje tilsett folk som driv og vervar medlemmar, slik andre har. Men me har hatt mange aktivitetar. Det er jo ofte vener dreg med seg vener på arrangement. Og eg trur også at liberal politikk er noko som er i tida. I 2005 fekk me éin prosent av førstegangsrøystene, fire år seinare fekk me fem prosent, seier Sveinung Rotevatn til Framtida.no.

Dei store går tilbake
AUF vart 9608 medlemmar i 2010. Det er nær like mange medlemmar som dei borgarlege partia har til saman. Blant medlemmar under 35 år har AUF ein oppgang på 221 medlemmar, men totalt er talet på medlemmar gått ned så vidt.

LES OGSÅ: – Folkevalde må spegla folket

Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom, med moderparti med gode meiningsmålingar gjennom nær heile 2010, har ikkje opplevd tilsvarande medlemsvekst. Unge Høgre ligg stabilt, medan FpU går noko tilbake.

Paradoks
Jo Saglie ved Institutt for Samfunnsforskning er ekspert på partiorganisasjonane i Noreg. Han vedgår at det er eit paradoks at sentrumspartia går så mykje fram samstundes som dei, med unnatak av Venstre, ligg dårleg an på meiningsmålingane.

– Generelt sett vil det at eit parti gjer det dårleg på meiningsmålingane føra til mindre interesse. Men innsatsen til partia er også viktig for medlemsutviklinga i ungdomspartia, seier han.

Fokus på verving
Senterungdommen har no det største medlemstallet på 10 år, opp med over 100 medlemmar frå året før.

– Me har hatt eit enormt fokus på verving i 2010, såg det er gøy og sjå resultat av det arbeidet medlemmane våre gjer. Mange fylkes- og lokallag har gjort ein kjempeinnsats! Held vi eit slikt vervetempo i år òg klarar vi 2000 medlemmar, seier leiaren i Senterungdommen Johannes Rindal til eigne heimesider.

LES OGSÅ: Tidenes yngste Sp-liste?

Faktaboks

Medlemstal 2010 (2009)

AUF: 9608 (9640)
FpU: 2892 (3031)
KrFU: 1629 (1583)
Raud Ungdom: 601 (ca. 560)
Senterungdommen: 1162 (1029)
Sosialistisk Ungdom: 2000 (2000)
Unge Høgre: ca. 2790 (2796)
Unge Venstre: 1018 (800)