Rekordstort ungdomskurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Grannar

170 ungdomar i alderen 10 – 20 år er denne helga samla på Vats skule og i Vindafjordhallen for å læra om organisasjonsarbeid.

— Dette er tangering av fjorårets deltakarrekord for denne typen kurs, både i Rogaland og i landet elles, fortel ein nøgd arrangør, Karin Frøland.

Fredag til sundag tar Freidig 4H og 4H Rogaland imot over 180 4H-ere frå hele fylket.

LES OGSÅ: Ungdomsråd kjempar for 4H

Årsmøte
— Deltakarane på kurset har meldt seg på ulike kurs etter kva som er nyttig for dei å læra. For eksempel kasserar, leiar eller sekretær, fortel Katrine Sægrov, organisasjonsrådgivar i 4H Rogaland.

Målet er at styremedlemmene i dei forskjellige klubbane skal vita kva som er deira oppgåver, og korleis dei kan løysa dei.

— I 4H er det medlemmene som skal styra, og ikkje vaksne som skal bestemme eller ta avgjerda på vegner av dei. Denne kurshelga er viktig for at alle skal vera klar over korleis ein 4H-klubb skal styrast og drivast, fortel Sægrov.

Dette er også helga for 4H Rogaland sitt årsmøte. 70 delegatar skal delta i debattane og stemma på vegner av sin klubb.

LES OGSÅ: Rumpeldunk eller cheerleading?

Godt førebudd
Arrangørkomiteen i Freidig 4H i Vats har planlagt helga i nesten eitt år, og Karin Frøland røper at det nok er laurdagskvelden dei gler seg aller mest til. Etter ein lang dag med kurs, blir det fest med utkledning og fin middag.

— Me skal ha festmiddag med litt nervøse servitørar, som er dei eldste medlemmane frå Freidig 4H, men i 4H er mottoet «å læra med å gjera» så dette blir bra, avsluttar Karin Frøland.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag