Rekordstort EU-nei

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 16,8 prosent er for medlemskap, mens 9,2 prosent svarer «veit ikkje» på spørsmål om ein er for eller imot at Noreg blir medlem av EU, skriv Nationen.

Under folkeavstemminga i 1994 var det 52,2 prosent som svarte nei, og i den første avstemminga i 1972 var nei-fleirtalet på 53,5 prosent.

Meiningsmålinga er utført av Sentio for avisene Nationen og Klassekampen. Sentio må gå tilbake til 2005 for å finne eit ja-fleirtal på EU-målingane sine.

Om trenden held seg i eit halvt år til, vil det ha vore nei-fleirtal i befolkninga i ti samanhengande år.

LES OGSÅ: To nei og ein kamp som held fram

Fleirtal på Stortinget
Dette står i sterk kontrast til Stortinget, der det framleis er eit fleirtal mellom dei av våre folkevalde politikarar som er for eit EU-medlemskap.

Men politikarane går stille i dørene når det gjeld temaet. Både statsminister Erna Solberg (H) og Aps partileiar Jonas Gahr Støre har sagt at spørsmålet om norsk medlemskap i EU for tida er «uaktuelt».

Anne Enger, tidlegare partileiar i Senterpartiet – som fikk tilnamnet «EU-dronninga» under kampen mot norsk EU-medlemskap i 1994 – er ikkje i tvil om at den store politiske mobiliseringa som ein var vitne til for 20 år sidan har fått store konsekvensar for norsk politikk.

LES OGSÅ: Lost in translation – eit besøk til Belgia

Fikk konsekvensar
– Det viktigaste er at Noreg ikkje gikk inn i EU. Men alliansen som oppsto har også fått konsekvensar. Den raudgrøne regjeringa er eit eksempel på korleis ein klarte å byggje over nokre kløfter, som hadde eksistert lenge, seier ho til Klassekampen.

Organisasjonen Nei til EU feirar 20-årsjubileet på vis og har sitt landsmøte i helga.

Avtroppande leder i Nei til EU, Heming Olaussen, skriv i ein kronikk i Aftenposten at organisasjonen framover må arbeide for å få ei folkeavstemming om EØS-medlemskap.

Olaussen meiner ein må erstatte den noverande EØS-avtalen med ein tosidig fornya handelsavtale med EU.

LES OGSÅ: Nja til EU