Rekordmange nye studentbustadar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har aldri blitt gitt tilskot til så mange studentbustadar som i år, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå regjeringa.

Studentskipnadar landet over helsar pengane velkommen, men skulle gjerne hatt meir. Særleg byane etterlyser høgare prioritering.

LES OGSÅ: Studentar vil bu i kollektiv

– Viktig velferdsgode
I budsjettforliket for 2015 vart Kristelig folkeparti, Venstre og regjeringspartia einige om å dobla talet på nye studentbustadar.

– Tilgangen på rimelige og tilgjengelege studentbustadar er et viktig velferdsgode for å kunne ta høgare utdanning, seier kunnskapsministeren, som medgjev at behovet vil vere stort òg i framtida.

15 ulike studentsamskipnadar har no fått pengar til 23 ulike prosjekt – tilsaman 2000 bustadar til ein prislapp på 408,5 millionar.

Regjeringa har valt å gje 70 prosent av tildelinga til det dei reknar som pressområde.

LES OGSÅ: Vanskeleg busituasjon gjev dårleg studiekvalitet

– Saknar prioritering
Størst del av kaka får Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus. Regjeringa gir støtte til bygging av 348 nye studenthyblar i Oslo i 2015. Velferdstinget meiner likevel ikkje tildelinga er stor nok for den stadig veksande studentmassen i hovudstaden.

– Me saknar ei tydelig prioritering frå Kunnskapsdepartementet på dei viktigaste pressområda. At Oslo får ein prosentvis mindre del av den totale tildelinga enn i fjor er ikkje bra nok. Me har ein ekstremt pressa privat leigemarknad og låg dekning med studentbustadar, seier leiar for Velferdstinget i Oslo og Akershus, Sigrid Mæhle Grimsrud til studentavisa Universitas.

LES OGSÅ: Kjøper million-leilegheiter til borna

NSO: – Trapp opp
Norsk Studentorganisasjon (NSO) har som overordna mål at 20 prosent av alle studentar i Noreg skal ha tilgang på studentbustad.

I 2014 var dekningsgraden på 13,83 prosent. Noko som betyr at det mangla 14.690 studentbustadar for å nå målsettinga.

Studentorganisasjonen vil difor ha årlege løyvingar frå regjeringa til 3000 nye studentbustadar.

– Ei auke i talet på bustadar er et lite skritt på vegen, men NSO forventar no at regjeringa skal trappe ytterligare opp, seier leiar for NSO, Anders Kvernmo Langset til Universitas.

I følgje NSO går heile 74 prosent av studentane sine inntekter går til buutgifter, noko som gjer at dei fleste er avhengige av jobb ved sida av studier.

LES OGSÅ: Rekordmange i bustadkø

Distrikt over by
Trondheim skal få 220 nye studentbustadar. Like bak kjem Studentsamskipnaden i Tromsø og Finnmark og samskipnaden i Stavanger, som har fått midlar til 200 nye bustadar kvar.

Administrerande direktør Knut Solberg i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) er glad for tildelinga.

Han reagerer likevel på at dei tre største byane, som har over halvparten av studentmassen i Noreg, berre får ein tredel av midlane.

– Dette syner at regjeringa har prioritert distrikta på bekostning av dei store byane, seier han i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Studentar stoppa skulepengar med nakenprotest

Sakte framover
Bergen har òg slitt med å byggje nok studentbustadar til den aukande studentmassen.

Velferdstinget i Bergen er ikkje nøgd med at dei berre har fått midlar til 100 nye bustadar.

– Det er fint at me får hundre nye studentbustadar, men det er lite. Me ville gjerne hatt meir. Eg meiner at Bergen er et pressområde. No har vi en dekningsgrad på omlag 14.6 prosent. Det er betre enn i Oslo, der dekningsgraden ligg på rundt 12–13 prosent, men om me skal nå målet om 20 prosent dekning kjem det til å gå veldig sakte med denne tildelinga, seier leiar i Velferdstinget, Linnea Reitan Jensen til Studvest.

Ifølgje administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) Per Kristian Knutsen kan grunnen til nedprioriteringa vere at samskipnaden har 400 ubygde hyblar og midlar til overs frå tidlegare rundar.

Faktaboks

Tildelingar nye studentbustadar (antal hyblar): 

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus: 348

Studentsamskipnaden i Trondheim: 220

Studentsamskipnaden i Finnmark og Tromsø: 200 

Studentsamskipnaden i Stavanger: 200 

Studentsamskipnaden i Nordland: 166 

Studentsamskipnaden i Buskerud og Vestfold: 166 

Studentsamskipnaden i Ås: 155 

Studentsamskipnaden i Bergen: 100 

Studentsamskipnaden i Telemark: 88 

Studentsamskipnaden i Agder: 79 

Studentsamskipnaden i Molde: 76 

Studentsamskipnaden i Oppland: 67

Studentsamskipnaden i Østfold: 50 

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane: 44

Studentsamskipnaden Stord/Haugesund: 41

Kjelde: Regjeringa