Rekordmange nye pelsoppdrettarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange pelsoppdrettarar

Det siste året har det blitt rundt 25 nye pelsoppdrettarar her i landet. Det er det høgste talet på om lag 20 år.

Til saman er det no rundt 300 norske pelsdyroppdrettarar. Dei omset for rundt 450 millionar kroner i året. Det er dobbelt så mykje som for fem år sidan, fortel NRK.

– Nedgangstida er først og fremst i Europa og USA, og dei viktigaste marknadene våre er lenger aust, så vi opplever vekst og gode tider, seier marknadssjef Torkil Tveter i Norges Pelsdyralslag.

Han fortel at i Asia og Russland er pels i vinden som aldri før.

– I tillegg er nesten all europeisk og amerikansk moteindustri glad i pels, seier han og legg til at dette også er noko kinesarane bit seg merke i. (©NPK)