≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Noregs Mållag

Rekordmange medlemer i Mållaget

Noregs Mållag talde denne veka 12.362 medlemer, det høgste medlemstalet på 25 år.
 

Svein Olav B. Langåker
tysdag 20. desember 2016 15.42

Rekordmange medlemer i Mållaget Magne Aasbrenn kan gle seg over rekordhøgt medlemstal. Foto: Noregs Mållag

– Dette er ei sann glede, smiler Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Denne hausten har diskusjonen rundt administrasjonsspråk i ein eventuell Vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland synt at nynorsken framleis har sprengkraft. Sidan saka vart kjend har Mållaget fått over 550 nye medlemer over heile landet.

– Vi får nye medlemer i heile Noreg. Medlemsrekorden vitnar om eit stort nasjonalt engasjement for nynorsken, seier Magne Aasbrenn. Dette såg ein også i høyringa om Vestlandsregionen, der heile 705 av dei totalt 858 fråsegnene ynskte nynorsk som administrasjonsspråk.

– For organisasjonen er det viktig å ha mange medlemer. Det gjev oss betre gjennomslagskraft. Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hjå oss. Vi har alltid plass til fleire, seier Magne Aasbrenn.


Oppdatert: tysdag 20. desember 2016 18.35
Kommentarar



 
ANNONSE: