Rekordår for klager på media

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjoråret blei eit rekordår for klager på media. Til saman fekk Pressens Faglige Utvalg inn 345 klager. Det er 54 fleire enn året før.

– Vi har ei stund vore klar over at 2011 kom til å bli eir rekordår. Totalt 345 innkomne klager er mange, og det kjem delvis av klagene som kom etter terroren 22. juli. Men det er ikkje berre det som er årsaka. Sjølv når vi trekkjer frå desse klagene, er det rekord i talet på klagesaker til PFU, seier generalsekretær Per Egdar Kokkvold i Norsk Presseforbund til Vårt Land.

Dei fleste klagene gjeld retten til å imøtegå faktiske skuldingar samtidig.

NRK toppar klagestatistikken. Til saman blei kanalen i fjor klaga inn 42 gonger. Dagbladet er nummer to på lista. (©NPK)

Faktaboks

Les meir om Pressens Faglige Utvalg (PFU) på presse.no!

Sjå mediene som har brote god presseskikk eller får kritikk i PFU-basen!