– Reiseliv lønar seg ikkje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny forskingsrapport frå Handelshøyskolen BI. viser at reiselivet er den norske næringa som har lågast verdiskaping per tilsett, med om lag 400.000 kroner.

I rapporten stiller forskarane spørsmål ved om det er rett av staten å bruke så mykje pengar på reiselivsnæringa når lønnsemda er så dårleg.

– Som nasjonal næring er reiselivsnæringa identitetsbyggande. Men som økonomisk berekraftig næring har den lite potensial samanlikna med andre næringar, seier BI-professor Torger Reve til NRK.

Kunnskap om sjønæringar er viktigast
Reve meiner at politikarane i framtida bør satse meir pengar på kunnskapsbaserte næringar, der Noreg allereie har eit konkurransefortrinn.

Funna i rapporten viser at det er olje og offshore, og sjømatnæringa som har størst potensial som nasjonale vekstnæringar i framtida.

Reve presenterte funna sine for ein konferanse på BI i Oslo der både statsminister Jens Stoltenberg, kronprisen og ei rekkje næringslivstoppar deltok.

– Styrk klyngene
Professor Torger Reve oppmoda politikarane til å slutta å spreia satsingane sine utover landet.

– Me må skjøna at det er nokre stader som er drivkrefter. Men det er nesten blitt slik at om det er mykje ein stad, så skal ein heller gjera det ein annan stad, sa han ifølgje DN.no.

Kva næringar meiner du det er lurt å satsa på i framtida?