Regjeringa vil flytte mobbe-elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil flytte mobbe-elevar

Kunnskapsdepartementet har no sendt endringsframlegget ut på høyring.

– I regjeringsplattforma slår vi fast at det er mobbaren som må byte skule i mobbesaker der skulebyte er einaste løysinga. Det har vore litt uklart og ulik praksis knytt til om og korleis mobbaren kan flyttast i slike tilfelle, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Det står ikkje eksplisitt i lova at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skule, men det går fram av førearbeida til lova at det er høve til det.

– For at det skal vere klart at den som mobbar, i visse tilfelle kan flyttast til ein annan skule, og for å unngå at mobbeofferet blir nøydd til å byte skule, gjer vi framlegg om at høvet til å flytte mobbaren går direkte fram av lova, seier Røe Isaksen. (©NPK)

Les fleire saker om mobbing her!