Regjeringa på løftebrotstoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På toppen i løftebrot

Medan partia kjempar om røysta di med nye løfter i valkampen, er det nokon som sjekkar om politikarane gjer som dei har lova.

På nettstaden Holder de ord sjekkar dei om politikarane held ord. Der samanliknar dei politikken partia har vedteke i sine program, med korleis partia faktisk stemmer på Stortinget. Totalt har dei sjekka korleis partia har stemt i 115 saker. Alle tre regjeringspartia gjekk til dømes i sine partiprogramm inn for 11 månadar med studiestøtte. Men held partia dei løfta dei har gjeve?

Oversynet dei har laga syner at nett det er svært varierande. Dei tre regjeringspartia Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet er på toppen i løftebrot, medan opposisjonspartia alle har langt færre.

LES MEIR: Her er hjartesakene til partileiarane

– Skulle ønskt meir gjennomslag
Senterpartiet er på løftebrotstoppen. Ifølgje holderdeord.no har partiet brote 13 og halde 30 løfte. I tillegg kjem 8 løfte som Holder de ord meiner partiet berre delvis har halde.

– Vi er berre seks prosent i ei stor regjering. Me prøver fortvilt å kjempe for sakene våre, og har fått til kompromiss i viktige saker. Desse tala fortel at vi treng musklar i regjeringa, og at det er trong for eit sterkt Senterpartiet, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdommen. Ei av sakene som Holderdeord.no har sett fram som eit løftebrot, framskunding av skipstunnelen ved Stad, meiner Borch partiet har fått gjennomslag for gjennom Nasjonal transportplan.

Mellom sakene som Senterpartiet ikkje har fått gjennomslag for er 11 månaders studiestøtte, éin time dagleg fysisk aktivitet i skulen og betre bustadsparing for unge.

– Eg skulle ønskt at me hadde fått gjennomslag for desse gode ungdomssakene, seier Borch.

– Hadde det vore enklare å halde løfta dykkar, om de hadde byrja å samarbeida med høgresida?

– Nei, det trur eg ikkje. Me hadde kanskje klart å oppfylle nokon løfte, men då hadde vore mange fleire som me ikkje hadde klart å innfri. Den einaste saka alle dei fire borgarlege partia er samde om er kommunesamanslåing. Det er ei viktig sak for Senterpartiet å kjempe mot, og har fått meg til å sjå at det er heilt feil å samarbeide den vegen.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Framstegspartiet best i klassen
Minst løftebrot i statistikken har Framstegspartiet. Holder de ord har sjekka 38 av partiet sine løfte, utan å finne eit einaste brot. Det tyder at partiet er det flinkaste i klassen på å røyste i Stortinget som dei har lova i programmet sitt.
Leiar i Framstegspartiets ungdom, Himanshu Gulati, meiner det er heilt sentralt at politikarane held det dei lovar.

– Frp har halde ord i alle saker holderdeord.no har sjekka. Korleis klarer de det?

– Politikk handlar om tillit og truverde, og freistar å ikkje love bort ting som vi ikkje held gjennom framlegg eller stemmegjeving på stortinget, eller som vi manglar økonomisk dekning for i våre alternative budsjett, seier han.

Sandra Borch meiner det har vore enklare for Framstegspartiet å halde det dei har lova i Stortinget.

– Dei har aldri sete i regjering, påpeikar ho, og er spent på kor mange løfte dei vil klara å halde om dei kjem i ei regjering.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Grunnleggande for demokratiet
På vevsida holderdeord.no arbeider ei rekke folk friviljug for å sjekke om politikarane har gjort som dei lovde sidan førre val. Men kvifor engasjerer så mange seg for dette arbeidet?

Det å kunne sjekke om politikarane jobbar for å halde sine valløfter er heilt grunnleggande for eit velfungerande demokrati, som igjen kviler på ein velinformert veljarmasse, seier Tina Ruhonen, kommunikasjons- og pressesjef i Holder de ord.

Ho meiner det er viktig for veljarane å vite kva partia faktisk har gjort, før dei skal stemme, ikkje berre kva seier dei skal gjere.

– Ei oppgåve for veljarar i eit valår er å sjekke i kva grad partia har handla i tråd med valprogramma og dei valløfta som blei gitt når dei blei vald. Vi vil vel politikarar til å representere oss, og ved neste val kan vi løne eller straffe politikarane ut i frå korleis dei har stemt på Stortinget, held ho fram.

Ho meiner dessutan det er svært viktig om politikarane held ord, og at det kan få store konsekvensar.

– Vi ser dette særskilt tydeleg i einskildsaker som engasjerer folk sterk.

LES MEIR: Til veggs om skulen

– Godt supplement til valgomatar
– Korleis vel de ut kva løfte de sjekkar?

– Vi lagar gjerne saker om tema det har vore mykje merksemd rundt. Vi les òg valundersøkingar for å finne ut kva folk er mest opptekne av. I innspurten til valkampen i år skal vi mellom anna ha temaspesial om samferdsel, helse, klima og utdanning.

– I tillegg vel vi nokre saker fordi dei vert via mykje merksemd på Stortinget, men likevel kanskje ikkje når massemedia, og vise versa. Derfor har vi nokre saker kor få parti har konkrete løfte.

– For førstegongsveljarar kan det å sjekke om politikarar held ord vere eit fint supplement til for eksempel valgomatar, held ho fram.

Usikker på kva du skal stemme? Prøv valgomaten til Framtida!

God indikasjon på truverdet til partia
Trur de tala dykkar er representative for i kva grad dei forskjellege partia held ord?

– Vi gjev ein god indikasjon på kor flinke partia er til å halde ord. Sjølv om vi ikkje har teke med alt som er behandla på Stortinget 2009-2013, så har vi likevel eit fint tverrsnitt av saker som gjev ein god indikasjon på korleis partia gjer det på Løvebakken.

– På dei løfta de har sjekka så langt leiar regjeringspartia klart i løftebrot. Kva trur de er grunnen til det?

– Regjeringa og opposisjonen har ulike roller. Regjeringa skal sørgje for utgreiing av ordningar og proposisjonar, og for at vedtaka til Stortinget vert gjennomført, medan opposisjonen står friare til å markere eigen politikk utan å trenge å tenje på samarbeid og kompromiss i eit regjeringssamarbeid. Dette får òg utslag i talet på løftebrot, forklarar ho.

– Kva konsekvens trur de løftebrota har for partia, deira oppslutting og for den generelle tilliten til veljarane, om partia i stortinget røyster annleis enn det dei har vedteke i sine program?

– Nokre løftebrot er meir alvorlege enn andre. På lang sikt kan grove løftebrot svekke tilliten til politikarane, og det norske politiske systemet, samt bidra til politikarforakt, seier ho.

– Samstundes er partia langt bete til å halde valløfte enn folk trur. Det kan òg vere positiv med parti og politikarar som tør å endre standpunkt, seier ho.

Når då?

Nokon gongar er det viktig for partia å inngå kompromiss som kan bety at dei går på tvers av det dei sjølv har vedteke. Eit sånt døme er avtalen mellom byrådspartia og SV i Oslo om nytt Munch-museum i Bjørvika. SV braut sitt løfte frå kommunevalet om å bygge nytt Munch-museum på Tøyen, fordi ei storsatsing på Tøyen og eit betre barnehagetilbod var viktigare enn plasseringa av museet, avsluttar ho.

LES MEIR: – Undergraving av demokratiet

Studiestøtta som aldri kom
Det er likevel ikkje alltid ein kan skulde på forhandlingar med andre parti. Gulati trekker fram ei sak der løftebrotet er vanskelegare å forklare bort, med å vise til forhandling og kompromiss.  11 månadar studiestøtte.

– Eg meiner mykje handlar om viljen bak politikken du står for, og at du ikkje bør love bort ting du ikkje ønskjer å prioritere. Til dømes programfesta og lova alle dei tre raudgrøne partia før førre val at dei ville innføre 11 månadar studiestøtte. Når dei vann valet velde dei likevel å ikkje innføre dette, seier han.

Nett denne saka meiner han er alvorleg, fordi partia her ikkje kan skulde på at dei måtte inngå kompromiss, sidan alle tre partia hadde gått inn for det.

– Det er vanskeleg for dei å seie at dette vart forhandla bort, når alle tre parti meinte dette i valkampen. Det syner eit døme på korleis dei lovde noko dei ikkje hadde vilje eller intensjon til å gjennomføre.

– Trur du at det kan vere øydeleggande for tilliten til politikarane om partia bryt løfta sine?

– Eg trur dette er ein av hovudgrunnane for den auka politikarforakta. Eg trur veljarane forstår at du nokre gongar må gje opp nokre av sakene dine når du forhandlar med andre parti, men veldig ofte er det manglande vilje som gjer at partia ikkje følgjer opp det dei har lova, seier han.

Les siste nytt frå valkampen her!

Harde prioriteringar
I dag er det Arbeidarpartiet, Sosialistisk venstreparti og Senterpartiet som sit i regjeringa. Etter valet kjem kanskje Framstegspartiet til regjeringsmakt, og då er det kanskje dei som må forhandle seg bort frå ting dei tidlegare har lova.

– Trur du Frp framleis vil halde like mange av løfta sine, dersom de kjem i regjering?

– I likskap med alle andre parti må vi nok gjennom tøffe forhandlingar med andre parti for å danne ei ny eventuell regjering. Eg trur derimot partia tener på å vere ærlege og kva dei har og ikkje har fått gjennomslag for i slike samanhengar. Men dess fleire som stemmer Frp, dess større musklar får vi for å gjennomføre alle standpunkta våre, seier Gulati.

– Eit regjeringssamarbeid inneber alltid kompromiss. Kva er den viktigaste saka for dykk, dersom Frp kjem i regjering?

– Vi har mange kjernesaker som vi kjem til å stå hardt på i regjeringsforhandlingar, og vi vil nok krevje stort gjennomslag i ei ny regjering. Det er likevel opptil veljarane å avgjere styrkeforholda mellom dei ulike partia, og dermed kor store skattelette vi får gjennomslag for eller kor mange unødige forbod Frp får fjerna, avsluttar han.

LES MEIR: Må verte meir attraktivt å jobbe

Faktaboks

Holder de ord er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som blei grunnlagt i november 2010 med ønske om å gjere det lettare å følgje med på kva som skjer på Stortinget.

Holderdeord.no har dei sjekka korleis partia har stemt i 115 saker. Dei finn at partia heldt og braut så mange løfte:

Ap: 31 heldt/8 brot
Sp: 30 heldt/13 brot
SV: 37 heldt/10 brot
Frp: 38 heldt/0 brot
H: 39 heldt/5 brot
KrF: 41 heldt/4 brot
V: 46 heldt/1 brot