Regjeringa i skvis om Utsira-utbygging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa i skvis

– Det går sjølvsagt ei smertegrense ein stad, seier Tina Bru (H) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget til NTB.

Venstre-nestleiar Ola Elvestuen tek ikkje noko slikt atterhald. Han føreset at regjeringa pressar Statoil til å ta eit nytt konseptval som inneber elektrifisering av alle dei fire felta på Utsirahøgda.

– Statoil-løysinga er ikkje i tråd med viljen til Stortinget og tidlegare vedtak. Det er ikkje truverdig å snakke om ei områdeløysing i trinn to. Dette arbeidet må starte no, seier Elvestuen til NTB.

Vil ikkje vente
Venstre vil ikkje vente til Stortinget formelt får saka til behandling når planen for utbygging og drift (PUD) skal leggjast fram neste vår.

– Nei, dette må skje no. Eg ventar at statsråden gjer sin del av jobben, seier Elvestuen.

Dei same signala kjem frå dei andre opposisjonspartia på Stortinget torsdag. Det andre støttepartiet, KrF, har også vore tydelege i sitt krav om ei områdeløysing heile vegen. Også Senterpartiet og Arbeidarpartiet føreset full elektrifisering.

– Dette er for svakt. Statoil tek ikkje omsyn til det uttrykte ønsket frå Stortinget med ei løysing som heilt opplagt vil svekkje klimaforliket, seier klimapolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Terje Lien Aasland til NTB.

Han meiner konseptvalet som Statoil presenterte torsdag etterlét fleire spørsmål utan svar. Aasland krev at olje- og energiminister Tord Lien (Frp) sørgjer for ein uavhengig gjennomgang av utrekningane frå oljeselskapa og at Stortinget blir gjort kjent med denne.

Minsteløysing
Statoil har valt ei løysing for elektrisk kraft frå land som berre forsyner oljefeltet Johan Sverdrup i første fase av Utsira-utbygginga.

Kva som skal skje med Ivar Aasen og Gina Krog og Edvard Grieg, som alt er i drift, er enno ikkje avklart. Forureinande gassturbinar er alternativet, men Statoil forsikrar at ei områdeløysing framleis er aktuell.

– Vel ein dette alternativet vil det kunne gje ein samla reduksjon av CO2-utsleppa på meir enn 90 prosent frå heile området, seier Øivind Reinertsen, direktør for Johan Sverdrup-feltet, til NTB.

– Vi ventar også at selskapa jobbar for å kunne realisere dette, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Han understrekar at det valde konseptet medfører at Sverdrup-feltet vil bli drive med kraft frå land frå produksjonsstart og at avgjerda aleine inneber ein reduksjon på 60– 70 prosent av CO2-utsleppa frå Utsirahøgda dei neste tiåra.

– Vi må redusere norske utslepp av CO2. Med denne løysinga aukar dei norske utsleppa fordi det er snakk om nye installasjonar, repliserer Ola Elvestuen frå Venstre.

Kritisk
LO-forbundet Industri Energi har heile vegen vore sterkt kritisk til planane om elektrifisering av Utsirahøgda frå land, ikkje minst fordi forbundet meiner tiltaket kan sette bom for den planlagte Hydro-investeringa i eit pilotanlegg for 70.000 tonn aluminium på Karmøy frå 2017.

Ifølgje Industri Energi vil tiltaket tappe fastlandet for straum og undergrave nye investeringar i landbasert industri.

– I tillegg kan det føre til høgare straumrekningar for folk flest, seier nestleiar Frode Alfheim.

Miljøorganisasjonane Bellona og Zero er på si side samstemte i kritikken av løysinga Statoil har valt. Dei norske utsleppa vil auke med mellom ein halv og éin million tonn CO2, tilsvarande utslepp frå over 200.000 bilar, hevdar organisasjonane.

– Valet Statoil tek vil binde opp det norske utsleppet på eit høgt nivå i 50 år og hindre kraft frå land til heile Utsira-området, seier nestleiar Kari Elisabeth Kaski i ZERO. (©NPK)

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?