i samarbeid med ABC Startsida
Tema: ungdomsskule, Vidaregåande skule
Talet på lærartimar er ikkje auka i ungdomsskulen.
Svein Olav B. Langåker
torsdag 21. oktober 2010 13.13
Tilpassa opplæring er vanskelegare å få til i store klassar. FOTO: Colourbox
14,8 elevtimar per lærartimar på ungdomstrinnet. Det er landssnittet i 2009. Og i 2008. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Dermed har det ikkje blitt noko av lovnadene om auka talet på lærarar.
"Arbeidet med å lovfeste en ressursnorm i form av en maksimumsgrense for antallet elever per lærer i grunnskolen ble varslet i Prop. 1 S (2010-2011) for Kunnskapsdepartementet." Det er det einaste som står i den politiske rekneskapen for dei siste fem åra som blei lagt fram av Stoltenberg-regjeringa.
I Soria Moria-erklæringa frå 2005 lovar regjeringa at auka lærertettleik skal gi rom for betre oppfølging av den enkelte elev, og ingen kontaktlærar skal ha ansvar for meir enn 15 elevar.
I regjeringserklæringa frå 2009 lovar regjeringa å leggja til rette for fleire lærarar gjennom styrka kommuneøkonomi og ved å endra opplæringslova for å sikra ei maksimumsgrense for talet på elever per lærer på kvar skule.
Over 110 kommunar hadde ein gjennomsnitleg gruppestorleik på fleire enn 15 elevar i 2009. Mellom desse er Oslo, Bergen og Trondheim. Re i Vestfold og Råde i Østfold har flest elevar per lærar, med høvesvis 23,5 og 20,6 elevtimar per lærartimar.
Krev fleire lærarar
Utdanningsforbundet peikar på at tala som blir rapport til Statistisk sentralbyrå ikkje tek med alle elevane, noko som gjer betre tal enn vist i statistikken.
– For å kunne tilby den oppfølginga elevane har krav på må det leggas til rette for at det er mogeleg. Det kan ikkje vere 30 elevar i kvar klasse dersom alle skal få individuell tilrettelegging – då blir tilpassa opplæring eit urealistisk krav. Likevel er tilpassa opplæring ein rett, og for å kome på god veg med målet kan ikkje klassene innehalde fleire enn 20 elevar, skriv leiar i Elevorganisasjonen, Anna Holm Heide på kommentarplass på Framtida.no.
Både Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet krev fleire lærarar.