– Regjeringa bommar på unge utanfor arbeidslivet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag tysdag 18. oktober er det høyring i Arbeids- og sosialkomiteen om statsbudsjettet. I budsjettet legg regjeringa fram ei ungdomssatsing på 30 millionar kroner som skal erstatta dagens tre garantiordningar for unge ledige.

Satsinga skal sikra at unge arbeidssøkarar og personar med nedsett arbeidsevne under 30 år, som etter åtte vekers arbeidsløyse ikkje er i arbeid, utdanning eller annan aktivitet, skal få eit jobbrelatert tilbod. Innsatsen byrjar på Sør- og Vestlandet, men det er uklart kva som skjer i resten av landet.

– For lang ventetid
– Me fryktar at eksisterande ordningar vert fjerna utan at unge får eit nytt, fullverdig tilbod. Innsatsen til regjeringa bommar på dei som har størst behov for oppfølging, seier generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol.

Unge funksjonshemmede meiner ungdomssatsinga ikkje vil hjelpa unge med nedsett arbeidsevne ut i arbeid, fordi ventetida er for lang og styringssignalet til NAV-kontora for svakt til at ein kan sikra prioritering av denne gruppa.

LES OGSÅ: Slaktar forslag om arbeids- og avklaringspengar

Ikkje medverknad frå brukarane
Organisasjonen er samde i at ei forenkling av Garantiordningane til NAV var naudsynt, men reagerer på at denne satsinga er utforma utan medverknad frå brukarorganisasjonane.

– Regjeringa må så snart som mogleg koma med detaljar om korleis ungdomssatsinga er tilpassa unge med nedsett arbeidsevne og kva som skjer med garantiordningane i dei landsdelane der ungdomssatsinga ikkje gjeld enno, seier Lerhol.

Framtida.no har vore i kontakt med Arbeids- og sosialdepartementet, men har ikkje fått svar frå dei enno.

Les meir:

No skammar unge seg mindre for å gå til NAV. Forskarane trur namneendring og reform er grunnen.

Veldig mange under 30 tek imot stønad. Det er ein sikker veg ut av arbeidslivet, meiner NHO-sjef Kristin Skogen Lund. Ho vil fjerna heile ordninga for unge.