Redd for norsk bunadsproduksjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg arrangerte Norges Husflidslag og Heimen Husflid eit eige seminar i Nynorskens hus der situasjonen for bunaden og norsk bunadsproduksjon blei drøfta.

LES OGSÅ: Pimp bunaden din!

Utfordringar
Direktøren i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen, meiner norsk bunadsproduksjon har to store utfordringar:

– Det eine er det manglande medvitet rundt kor fantastiske kulturtradisjonar som er knytte til bunaden både blant folk flest og politikarar innan næring og kunnskap. Dette har eit stort næringspotensial, men det krev kunnskap og brei satsing på opplæring og utdanning, seier ho.

Kurs og momstiltak
Jacobsen nemner at dette kan handle om å gi vaksne moglegheit til å ta ei utdanning nummer to innan feltet, då det kanskje ikkje er som sekstenåring ein ser føre seg å bli handverkar og satse på ei utdanning som bunadstilverkar.

– Kursa i Studieforbundet kultur og tradisjon – som driv opplæring i folkeleg kultur, må få betre finansiering, og dei få, men viktige private aktørane som driv utdanningstilbod innan små, verneverdige fag må ikkje strupast av rigid regelverk, seier direktøren.

På næringssida handlar det om å få drifta lønnsam, og her kan mellom anna eit tiltak som lågare moms på handverk som er særs arbeidskrevjande og smalt, vere eit viktig tiltak, meiner Jacobsen.

– Mister mangfald
At norske bunadsprodusentar møter konkurranse frå utlandet, er ikkje nytt. Jacobsen har ikkje oversikt over kor omfattande den utanlandske produksjonen er, men viser til at nokre aktørar har all produksjonen i utlandet, medan andre får enkeltdelar laga i utlandet.

– Ein kan få bunader produsert i fleire land. Dei har ein ting felles – låge lønnskostnader. Det er ikkje gitt at størstedelen av det du betaler går til den som syr. Slik fell eitt av hovudargumenta for utanlandsproduksjon bort, meiner ho.

Jacobsen fryktar meir og meir utflagging av produksjon også betyr utflagging av kunnskap.

– Då mister ein òg mangfaldet, seier ho.

– Verdt pengane
Argumentet om at norskproduserte bunader gjer for stort innhogg i lommeboka, er ikkje noko husflidsdirektøren vil vere med på.

– Kva er for dyrt? Det kostar mykje pengar, men det er det verdt. Bunaden er ei investering for livet. Og ein må ikkje ha alt på ein gong, ein kan supplere etter kvart, arve noko eller kanskje sy noko sjølv, foreslår ho.

– Bunad er ikkje ein kjole eller ein dress, det handlar om tilhøyrsel, stoltheit, om det som går langsamt. Bunader er ein prosess, og det handlar om ein viktig del av norsk kulturarv, seier Marit Jacobsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Einaste «bunadsskulen» i landet